Hopp til innhold

Trur storebroren snart er i Aalesund

Bjørn Helge Riise (32) håper å ha storebroren John Arne (35) på bana allereie i opningskampen mot Stabæk fredag. AaFK stadfestar laurdag ettermiddag at dei er i forhandlingar, skriv Sunnmørsposten.

FOTBALL

Bjørn Helge Riise (32) håper å ha storebroren John Arne (35) på AaFK allereie rett over helga. Han stadfestar at storebroren er i dialog med klubben.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det var Sunnmørsposten som laurdag ettermiddag fortalte at klubbdirektør Henrik Hoff no stadfestar at dei er i forhandlingar med John Arne Riise.

Sjølv er han undervegs frå Singapore til Oslo, men tvitrar sjølv om saka laurdag kveld etter at TV2-programleiar Arill Riise skriv at han håper snart å kunne ønskje Riise tilbake i AaFK:

Laster Twitter-innhold

Broren til John Arne, Bjørn Helge, stadfestar overfor NRK Møre og Romsdal at der er aktiv kontakt mellom partane.

– Eg veit dei er i dialog, men om han er på veg, veit eg ikkje. Det hadde uansett vore utruleg moro, seier yngstebroren.

John Arne Riise sjølv sa i juli til NRK at han var klar på at han kjem til å avslutte karrieren i heimbyen Ålesund. Og no kan det altså vere like rundt hjørnet.

– Må ta eit val

Bjørn Helge Riise (32) seier til NRK Møre og Romsdal at han har snakka med storebroren John Arne (35) om ein eventuell overgang til AaFK, og at han trur det no kan bli fart i sakene.

– Slik eg har forstått John Arne har han fått eit tilbod, og han må ta eit val. Det har mellom anna med Bettson og forbunda å gjere, seier yngste blad Riise.

Trur det vil bety mykje

Riise

John Arne Riise sit laurdag kveld på eit fly frå Singapore til Oslo, og er sjølv utilgjengeleg for kommentarar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laurdag ettermiddag sit storebroren på eit fly på veg frå Singapore til Oslo, og er utilgjengeleg for kommentarar. Bjørn Helge Riise meiner det vil bety svært mykje for klubben å kapre storebroren.

– Eg trur han ville hatt mykje å seie både for publikumsinteressa og for laget, han er ein spelar med svært mykje erfaring. No gjenstår det berre å sjå om guten er i form og kan bidra , seier Riise junior.

Kan vere klar allereie over helga

Ifølgje Sunnmørsposten kan Riise vere Aalesunds-spelar allereie neste veke, og både Betsson og Riise skal vere villige til å avbryte Betsson-avtalen for at Riise skal kunne spele i norsk fotball.

Les også:

Så langt har avtalen med det utanlandske speleselskapet gjort at han ikkje kunne spele i norsk fotball, men no kan altså dette vere historie.

Går alt greit, kan Riise dermed vere klar for seriestarten mot Stabæk fredag ettermiddag.

Trur Riise-brørne vil lokke fleire på kamp

Stormen - Bjørn Mikkelsen og Lene Thorvik

Bjørn Mikkelsen, leiaren for supporterklubben Stormen, håper John Arne Riise er på banen allereie fredag mot Stabæk.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Leiaren i supporterklubben Stormen seier til NRK Møre og Romsdal at nyheita kom overraskande på han, men at han meiner det er svært positivt.

Det er veldig positivt om brørne Riise kan spele saman, og John Arne er jo ein kapasitet, seier leiar Bjørn M. Mikkelsen.

Han trur oppslutninga rundt klubben vil auke dersom også storebror Riise no blir å finne i AaFK sin spelarstall.

– Ja, eg trur at det vil bidra til fleire publikummarar, då kjem det nokre profilar som folk ønskjer å sjå, seier han.

Trur på meir enn 50 prosent sjanse

Det har i lang tid vore spekulert i om at John Arne Riise ville kome tilbake til AaFK, der han starta den fantastiske karrieren sin. No trur Mikkelsen sjansen er ganske stor for at det er eit faktum.

– Når Henrik Hoff seier det er femti prosent sjanse for å lukkast med ein kontrakt, trur vi det i realiteten er endå større sjanse. Eg trur sansynlegheita er ganske stor for at Riise kjem no, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL