Hopp til innhold

Her er løysinga for deg som er kort

Slit du med å nå opp i dei øvste hyllene på butikken? Då kan ei studentbedrift på Sunnmøre ha funne løysinga.

Slit du med å nå opp i dei øvste hyllene på butikken? Då kan ei studentbedrift på Sunnmøre ha funne løysinga.

Ståbrettet skal kunne hektast på handlevogna, slik at korte folk når opp i hyllene.

Då Elise Molvær Stavik frå Sula skulle vere med å starte studentbedrift på Høgskulen i Ålesund, gjekk ho gjennom sin eigen kvardag for å finne problem ho trengde ei løysing på.

– Det er ikkje alltid eg når opp til varene på øvste hylle, seier 23-åringen, som er 1,59 på strømpelesten.

Fekk ide om ståbrett

Ho og dei andre i studentbedrifta sende ut ei spørjeundersøking til 300 personar og fann ut at 43 prosent av dei spurte ikkje når opp til varene som er plassert høgt oppe. Dermed vart ideen om eit ståbrett på handlevogna fødd. No har bedrifta laga ein prototype, som dei har testa i butikken.

Tore Havnegjerde, som er butikksjef ved Rema 1000 i Ålesund er over 20 centimeter høgare enn Elise Molvær Stavik. Til trass for det har også han opplevd at det ikkje er lett å nå tak i alt på øvste hylle.

– Denne patentet er ikkje dum. Dette er eit godt poeng, seie Havnegjerde.

Også for barn

Studentane tenkjer at ståbrettet ikkje berre skal vere for vaksne som ikkje når opp, men fungere like godt for barn som er med på handleturen. Molvær Stavik har intervjua fleire som fortel at dei har sett att varene i butikken og forlate staden, fordi dei ikkje nådde opp til alt dei hadde tenkt å kjøpe.

– Akkurat det har eg ikkje gjort, men eg slit ofte med å nå opp til for eksempel sjampoen, fortel studenten.

Korte folk i verda

Målet et at dei først skal få innpass med ståbrettet i norske butikkar. Lukkast det, er heile verda ein marknad.

– Tenk alle som er mykje mindre enn oss nordmenn, seier Molvær Stavik. Dei har skaffa ei liste over gjennomsnittshøgde i ulike landa, og ser at potensialet er stort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL