Hopp til innhold

Stabiliteten blei grundig sjekka

Stabiliteten til Bourbon Dolphin vart sjekka grundig etter Ulstein Verft sine faste rutinar.

Bourbon Dolphin
Foto: BOURBON OFFSHORE NORWAY AS / AFP

Det forklarte viseadministrerande direktør i Ulstein, Harald Møller, under høyringa i Oslo i dag.

Fartyet vart tyngre enn rekna med, og difor vart mellom anna vinsjen bytta ut med ein lettare type. Men dette var ikkje noko uvanleg, og Bourbon Dolphin var eit heilt vanleg ankerhandteringsfarty, forklarte Møller.

Han og sa også at prosedyrane kring testinga av fartyet vart følgde til punkt og prikke.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL