NRK Meny

St.Olavs orden til Arild Hervik

Professor Arild Hervik ved høgskulen i Molde er utnemnt til ridder 1. klasse av den Kongelege norske St. Olavs Orden. Det skriv Slottet i ei pressemelding. Hervik får utmerkinga for innsatsen sin innan undrevisning og forsking om samfunnsøkonomi. Han får dekorasjonen under eit arrangement i festsalen på Molde sjukehus i neste veke.