Hopp til innhold

Dagsenteret avlyste hurtigruteturen – frykta spysjuka på hurtigruta

12 pensjonistar ved det kommunale dagsenteret i Ulstein skulle på tur med Hurtigruta til Nord-Noreg. Men hurtigruteskipet «Kong Harald» er infisert av Noro-viruset. Det tok ikkje pensjonistane sjansen på.

Kong Harald

Noroviruset herjar framleis på 'Kong Harald'.

Dei 12 pensjonistane skulle på hurtigrutetur til Rørvik. Dei hadde planlagt turen i lang tid, og gledde seg til å reise den attande mai.

– Men så høyrde vi på radioen at der var infeksjon ombord, med oppkast og diaré. Vi prata ganske mykje om det og fann ut at vi ikkje kunne utsetje dagsenterbrukarane for denne smitterisikoen, seier omsorgssjef i Ulstein, Marit Botnen.

Nytt diaréutbrudd på "Kong Harald"

- Tok ikkje sjansen

Fleire av brukarane på dagsenteret har ikkje like sterk helse som unge og friske personar. Dermed kan eit virus som dette skape komplikasjonar og ubehag.

Video Noroviruset slipper ikke taket ombord på MS "Kong Harald"

– Det er ein grunn til at desse personane har eit tilbod på dagsenteret. Alle er nødvendigvis ikkje så veldig sterke. Og vi fann ut at vi ikkje ville utsetje brukarane for dette, seier Botnen.

Passasjerer isolert

Ny diarébølge på Hurtigruten

– Avbestilte turen

Dagsenteret avbestilte turen for å unngå at dei gamle skulle bli smitta. Men det skal bli ein ny tur, seier Botnen.

– Vu avbestilte turen, og er i full gang med å planlegge ein ny tur. Men for at dette skal passe for alle som skulle ha vore med denne gongen, blir den nye turen ikkje før enn i august. Vi skal på tur og dei gamle har veldig lyst til dette, seier Botnen.

– Smittefare for andre

For leiinga ved helseinstitusjonane har det også vore ein frykt for at brukarane på tur skulle ta med seg smitte tilbake. Det kunne ha fått alvorlege følgjer om Noroviruset kom inn på sjukeheimen, seier Botnen.

– Det kunne det. Av dei 12 som skulle på tur var 5 frå sjukeheimen. Dette ønskjer vi ikkje å utsetje brukarane våre for, seier Botnen. Vi har faktisk aldri hatt dette viruset på institusjonane våre, seier Botnen.