Bjørg Riksfjord
Forslag frå Dørum
Odd Einar Dørum
Justisminister Odd Einar Dørum har foreslått at alle kommunar kan søkje om å få vere med i ei slik ordning, og saka skal no behandlast i Stortinget.
Og Riksfjord meiner det er for lett å avfeie spørsmålet utan å vurdere det.
Men politiet avviser at det er behov for sprøyterom i Ålesund.
Politiførstebetjent Sindre Ryssevik meiner at andre byar som har sprøyterom er større byar enn Ålesund, og dessutan har eit større heroinproblem.
Smittefare
Einar Røssaak
Kommuneoverlege Einar Røssaak har tidlegare støtta Riksfjord i at eit sprøyterom i Ålesund bør vurderast av helsemessige årsaker, men i dag er han meir lunken.
- Rapportar tyder på at sprøyterom ikkje har den store effekten med tanke på redusert smittefare, seier Røssaak.