Hopp til innhold

Sjekk den sprenginga av høgspentlinja

I dag kan høge smell høyrast over store delar av Kristiansund.

Voldsomme smell høres over store deler av Kristiansund i dag. Årsaken er høythengende dynamtitt.

Slik ser det ut når høgspentlinene vert sveisa saman ved hjelp av dynamitt.

Nordmøre energiverk er ferdig med ei storstilt ombygging av transformatorstasjonen sør for flyplassen i Kristiansund. Hovudlinene som går inn til stasjonen skal skøytast i hop ved hjelp av eksplosjonssveising i dag.

  • Sjå tv-reportasjen om sprenginga her:
    Eitt kilo dynamitt rundt ein høgspentkabel var det som måtte til for å få plass til nytt straumnett i Kristiansund

– Vi brenn av nesten ein kilo dynamitt på kvar skøyt, så det er svært høge smell, fortel prosjektingeniør Rolv Marius Faleide i Nordmøre energiverk. Utover onsdagen vert det truleg to eksplosjonar til.

Trafostasjonane som har forsynt Kristiansund by og Frei med straum, er over 40 år gamle. No er ein del komponentar skifta ut.

– Vi har ikkje fått noko melding frå publikum, men vi som jobbar her synest det er artig å sjå så mykje dynamitt sprenge høgt i lufta, seier Faleide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL