Hopp til innhold

Sprengte postkasser med fyrverkeri

Ukjende gjerningsmenn har gjort skadeverk på ein rekke postkasser på Nordmøre natt til onsdag.

Politi

Natt til onsdag fekk politiet fleire meldingar om postkasser som vart sprengt med fyrverkeri.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Seint tysdag kveld tok imot politiet fleire telefonar om postkasser som vart sprengt med fyrverkeri, både på Nordlandet og på Frei.

– Ukjende gjerningspersonar skal ha kasta fyrverkeri opp i ein rekke postkasser i desse områda, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Skadeomfanget på postkassene er varierande, men det berre bitar igjen av ei av postkassene, held han fram.

Farleg leik

Bergem-Ohr meiner at gjerningspersonane held på med ein farleg leik.

– Ulike postkassene har ulik sprengingseffekt, og ein eksplosjon kan føre til skarpe splintar. Eg trur ikkje at dei som har gjort dette veit kor alvorleg konsekvensane kan bli, seier han.

Sprenginga av postkassene vert meldt til politiet.

– Her er det snakk om både skadeverk og ulovleg bruk av fyrverkeri, seier Bergem-Ohr.

Politiet har så langt ingen mistenkte i saka, og ønsker tips frå publikum.