Hopp til innhold

Sprengt kapasitet på Hovden

Langt fleire flypassasjerar er innom terminalane på Ørsta Volda Lufthamn Hovden enn kva bygningane er dimensjonerte for.

Fly på bakken på Hovden

Eit kontinuerleg veksande næringsliv på Søre Sunnmøre betyr mange reisande på Ørsta Volda Lufthamn Hovden. No er kapasiteten sprengt.

Det er viktig å få ei rask utviding av kapasiteten ved flyplassen, seier ordførar i Volda, Arild Iversen.

Møte med Samferdelsdepartementet

– Når det gjeld terminalbygningane, så er dei dimensjonerte for om lag 30 000 passasjerar. I dag er det over 120 000 passasjerar som er innom lufthamna i løpet av eit år, seier han.

– Då skjønar alle at det er trongt om plassen. Det er prekært å skaffe meir kapasitet, spesielt for næringslivet på Søre Sunnmøre og den maritime klynga, seier han vidare.

Onsdag var han og ordførarkollegaen i Ørsta på møte med Samferdselsdepartementet for å drøfte problemet.

– Det hastar

Iversen seier det hastar med å få på plass ei løysing for den store flytrafikken.

– Den maritime næringa på Søre Sunnmøre har gitt tydelege signal om at det er behov for utbetringar så snart som råd. Dei oppfattar Hovden som sin flyplass og har behov for at mannskap lett kan kome til og frå, seier han.

Ordføraren meiner det er viktig å få oppgradert og utvida terminalbygningane, men også flytårnet som vart bygd i 1971.

– Vi må følgje opp slik at flyplassen ikkje vert ein alvorleg flaskehals for det som er viktige og verdiskapande verksemder på Søre Sunnmøre, seier han vidare.