Hopp til innhold

Sporvehauk med skallebank

- Vi fekk besøk av denne karen, skreiv Geir Løvbugt i ein e-post til Naturtelefonen. Han trudde det måtte vere ein sporvehauk.

Det var kona til Løvbugt som fann hauken utanfor huset. Truleg har han hatt eit ublidt møte med ein bil. Ho tok på hanskar og løfta opp fuglen, slik at dei fekk tatt bilde av han. Dei trudde først at han var skadd i eine vengen.

Sporvehauk med skallebank
Foto: Geir Løvbugt

Uskadd

Etter ei stund såg han ut til å kvikne litt til, så då sette dei han på snøen utanfor huset. Etter ei lita stund flaug han. Då såg han heilt frisk ut, og vengene fungerte som dei skulle.

- Ei flott oppleving å sjå ein slik fugl på så nært hald, seier Geir Løvbugt.

Hovudverk

Sporvehauk med skallebank
Foto: Geir Løvbugt

- Han hadde nok hovudverk ei stund, men elles ser han ut til å vere i orden, sa ornitolog Alv Ottar Folkestad i Naturtelefonen fredag 27. mars, etter å ha sett bilda av sporvehauken. Han fortel at dette er ei vaksen hoe, og at det er typisk at det kan sjå ut som vengene er skadd når desse fuglane kolliderer med noko. Men oftast greier dei seg etter ein samanstøyt, om den ikkje er alt for hard.