Hopp til innhold

Her har 9-åringane profesjonelle trenarar

For at alle lag skulle få det same tilbodet måtte foreldretrenarane skygge bana. Ålesundklubben Herd sin nye modell får tommel opp frå idrettsforskar, så lenge økonomien ikkje ekskluderer nokon.

– Det er faktisk ganske gøy. Vi liker å spele kampar og vinne. Vi trener heime også, seier Vilja Ryste Nordstrand, Oda Ekeberg og Lilly Ødegaard Lovett.

Dei speler på laga Jente 9 og Jente 10 og er dei yngste i sportsklubben Herd som har fått profesjonelle trenarar.

– Alle her har lyst å bli fotballproffar, seier jentene som trenar saman inntil tre gongar i veka.

Lilly Ødegaard Lovett, Oda Ekeberg og Vilja Ryste Nordstrand

Lilly Ødegaard Lovett (til venstre), Oda Ekeberg og Vilja Ryste Nordstrand seier at dei elskar å spele fotball.

Foto: Øyvind Berge Sæbjønsen / NRK

Inspirert av Island

Ved nyttår la Herd om modellen sin, inspirert av korleis dei gjer det på Island. Der er det ikkje mamma- eller pappatrenarar, men semiprofesjonelle trenarar. Det ser ut til å verke bra, sidan islendingane knuser alle nasjonar i talet på toppspelarar per innbyggjar.

Får 75.000 kr i løn

I januar blei foreldretrenarane i Herd bytta ut med kursa trenarar, helst med UEFA B-lisens. Alle hovudtrenarar får no betalt 75 000 kroner, uansett kva slags lag dei trenar. Foreldra kan framleis vere med som hjelpetrenarar.

– Vi ønska å jobbe med kvalitet sjølv om vi er ein breiddeklubb. Vi ville auke kompetansen på trenarsida og sørge for meistring for alle, seier Jan Erik Sørnes, dagleg leiar i Sportsklubben Herd.

Meistring skal hindre fråfall

Før omlegginga fekk laga ulikt tilbod sidan foreldretrenarane hadde forskjellig kompetanse. No slepp Herd også at foreldretrenarar favoriserer sine eigne ungar. Sportsplanen legg føringar for korleis trenarane skal drive.

– For at alle skal få kjenne på meistring skal spelarane bli utfordra saman med andre som er på same nivå som dei sjølve, seier Karl Oskar Fjørtoft, sportsleg leiar i Herd.

Karl Oskar Fjørtoft, sportsleg leiar i Herd. og Jan Erik Sørnes, dagleg leiar i Sportsklubben Herd.

Modellen skal ikkje fronte topping, og alle spelarane skal få lik speletid og vere med i seriespel og på turneringar, seier Karl Oskar Fjørtoft (til venstre) og Jan Erik Sørnes.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Spennande

Christian Thue Bjørndal

– Modellen verkar spennande, gitt at auka kostnadar ikkje blir ekskluderande, seier Christian Thue Bjørndal.

Foto: NIH

Modellen får skryt av Christian Thue Bjørndal, førsteamanuensis ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på Noregs idrettshøgskole.

– Når ein skal løyse samfunnsoppdraget til norsk idrett og ta vare både på dei mest ivrige og dei minst ivrige innanfor same modell, sett det veldig høge krav til trenarar og trenarkompetansen. Ein utdanna trenar er betre rusta til å gjere det.

Les også Forsker: – Noe skurrer i norsk ungdomsidrett

Celina Opsahl, Fagernes IL

30 får hjelp til å betale

Samtidig med omlegginga i Herd auka treningsavgifta til 500 kroner i månaden for dei som er ni år eller eldre. Tidlegare betalte ein mellom 2600 og 4400 kroner i året, avhengig av aldersklasse, i tillegg til at ein gjennomførte dugnadar for å tene pengar.

No, som før, betaler ein også 780 kroner årleg i medlemsavgift, eller 1200 kroner om ein har fleire enn eitt barn i klubben.

Herd har oppretta eit fond som dei 468 aktive medlemmene anonymt kan søkje støtte til medlemsavgift, treningsavgift og deltaking på turneringar.

– Det har kome om lag 30 søknadar til fondet, og alle har fått støtte. Vi bidrog også til at nokon kunne reise til Norway-cup i sommar, seier Sørnes.

– Ingen skal seie at dei ikkje kan spele i Herd på grunn av økonomi. Viss nokon fell utanfor på grunn av det, så har vi bomma på formidling av informasjon om fondet.

Dekoren på veggen er i tråd med sportsplanen. Herd vil sørge for at fleire som startar i klubben som born, blir til dei er vaksne.

Dekoren på veggen er i tråd med sportsplanen. Herd vil sørge for at fleire som startar i klubben som born, blir til dei er vaksne.

Foto: Øyvind Bergen Sæbjørnsen / NRK

Trur ikkje folk tørr å søke

Men Anders Jacobsen, tidlegare fotballspelar og forfattar av boka «Hjelp, eg er blitt fotballtrenar», trur ikkje at ordninga nødvendigvis vil bli brukt.

Det følger ganske mykje stigma med å skulle søke om middel for å få lov til å spele fotball saman med vennene dine i lokalmiljøet. Eg synest det er fint at ein forsøker å få ordningar der ein kan få med alle, men eg trur det sitt langt inne for mange familiar å søke om det der, seier Jacobsen.

Anders Jacobsen

Anders Jacobsen har vore trenar for klubben Aarvoll i Oslo og meiner at barnefotballen er i ferd med å bli for dyr.

Foto: Trond M Trondsen

Positive tilbakemeldingar

Men hos Herd er dei ikkje kjende med at nokon har slutta fordi dei syntest det er for dyrt. Så langt har klubben fått flest positive tilbakemeldingar.

– Nokon synest det er dyrt, men det kostar å tilsette trenarar og drive klubben. Hovudtyngda er at folk er fornøgde. Dei ser at vi har ein klar profil i klubben, og at vi jobbar kvar dag for at alle skal bli betre og føle meistring, seier Sørnes og understrekar at modellen skal evaluerast fortløpande.

Herd Jente 9 og 10 saman med trenarane Marius Ødegaard (t.v) og Eirik Dalhus

Herd Jente 9 og 10 saman med trenarane Marius Ødegaard (til venstre) og Eirik Dalhus.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk