Hopp til innhold

Spor etter gravhaugar

Ved bruk av ein heilt ny metode er det funne spor etter 13 gravhaugar på Marstein i Romsdalen dei siste vekene. Norsk institutt for kulturminneforskning har tatt i bruk ein såkalla georadar. Utstyret fungerer som eit ekkolodd på land, og er revolusjonerande i arbeidet med å registrere fornminner utan å måtte grave i jorda. Gravhaugane på Marstein ligg ligg under matjordlaget og er ikkje synlege på overflata. Undersøkingane er gjort på oppdrag frå vegvesenet.

Marstein i Romsdalen
Foto: Steinar Vikås