Hopp til innhold

Spjelkavik-saka: Drapsdømd ankar dommen

22-åringen som blei dømd til 18 års fengsel for Spjelkavik-drapet ankar dommen.

Aktor Magne Nyborg og hovedtiltaltes forsvarer Håkon Sætre Rasmussen

Håkon Sætre Rasmussen er forsvarar for den drapsdømde 22-åringen. Her saman med aktor Magne Nyborg (t.v.) i Sunnmøre tingrett.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Mannen blei onsdag i sist veke dømt for å ha drepe Åge Stavran (35) med øks og brevopnar 21. oktober i fjor. 22-åringen fekk 18 års fengsel for forsettleg drap under særleg skjerpande omstende, samt likskjending.

– 22-åringen handla med forsett. Det er ingen tvil om at drapet er gjort under særleg skjerpande omstende, sa tingrettsdommar Knut Anders Oskarson under opplesinga av dommen.

Forsvararen hans, Håkon Sætre Rasmussen, seier til NRK at klienten hans opplever straffa som altfor streng.

– Han ankar dommen for å få ei ny vurdering av straffeutmålinga, seier Rasmussen.

Han forklarer at dei er ueinige med tingretten om detaljane rundt kva som skjedde. Det er enno uvisst når saka vil komme opp i retten på nytt.

22-åringen vart også dømd til å betale 225 000 kroner i erstatning til kvar av foreldra til Stavran, og omtrent 72 000 kroner som skal dekke gravferda.

Det var også to medtiltalte i saka. Ein 19-åring frå Ålesund blei dømd til tre år og seks månader fengsel. Han anka i retten. Den andre medtiltalte, ein 27 år gammal mann, fekk to år og fire månader. Advokaten Aasmund O. Sandland seier at klienten hans har vedtatt dommen.

Begge var tiltalt for å ha øydelagd spor ved å tenne på åstaden og for grovt skadeverk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL