NRK Meny

Spjelkavik-drapet for retten i juni

Rettssaka etter drapet på ein 35-åring i Spjelkavik i oktober kjem for retten andre veka i juni. Saka startar i Sunnmøre tingrett måndag 8.juni. Tre menn og ei kvinne er sikta i saka, og ein av mennene har tilstått forsettleg drap og mordbrann. Mennene sit framleis i varetekt, og politiet har som mål å bli ferdige med etterforskinga i løpet av denne månaden. Det er sett av to veker til saka.