Hopp til innhold

Spjelkavik Arena nærare realisering

Den planlagde storhallen Spjelkavik Arena i Ålesund bør gjennomførast som eit ordinært fylkeskommunalt prosjekt og ikkje som eit aksjeselskap. Fylkesrådmannen meiner risikoen for fylkeskommunen er liten når Ålesund kommune stiller garanti for forpliktingane til idrettslaga. Storhallen ved Spjelkavis vgs vil koste 210 millionar kroner å byggje og det er søkt om tilskot frå spelemiddelordninga. Spjelkavik idrettslag har jobba for storhall siden 1987 og fylkesrådmannen trur Spjelkavik Arena kan stå ferdig til årsskiftet 2021/2022. Saka kjem opp i Utdanningsutvalet tysdag.

Spelkavik Arena
Foto: Illustrasjon: ARC ESS