Hopp til innhold

Kollegaene til Hanne får 25.000 – mens ho har «feil» utdanning

Eit lokalt lønsoppgjer skapar misnøye blant fleire spesialsjukepleiarar, som må ha rett utdanning for å få lønstillegg. Hanne Thorsgaard vurderer å slutte fordi det kjenst urettferdig.

Anistesisykepleier Hanne Thorsgaard ved Kristiansund sjukehus.

Anestesisjukepleiar Hanne Thorsgaard jobbar som nattevakt på Kristiansund sjukehus.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I fjor var det store forventingar blant sjukehustilsette då det for første gong på fem år var lokalt lønsoppgjer mellom Norsk sjukepleiarforbund og Helse Møre og Romsdal.

Det enda blant anna med at intensivsjukepleiarar blei prioritert med 25.000 i årleg lønstillegg. Men berre dersom dei jobbar på intensivavdelinga på sjukehusa. Anestesisjukepleiarar får 7000 i tillegg, men berre dersom dei jobbar på anestesiavdeling.

Hanne Thorsgaard er anestesisjukepleiar på intensivavdeling, og får dermed ingenting av dette. Trass i at ho har like mange studiepoeng og har dei same arbeidsoppgåvene som sine intensivspesialiserte kollegaer.

– På avdelinga er vi likestilte og gjer akkurat det same. Eg kjenner meg nedprioritert og ikkje sett pris på, seier Thorsgaard

Anistesisykepleier.

ANESTESI: Hadde det stått «intensiv» på dette skiltet, ville Hanne Thorsgaard fått 25.000 meir i løn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho seier ho har møtt forståing frå lokale leiarar og tillitsvalde, og ho sende inn lønskrav, utan hell.

No er ho villig til å slutte dersom ho ikkje får det som ho vil. At alle spesialsjukepleiarar fekk 4 prosent auke i dei nasjonale forhandlingane, bøter ikkje på dette.

– Eg har ein sterk rettferdssans, og meiner ein skal ha likt betalt for likt arbeid. Det burde ein tenkje på i 2022, særleg når det er så manko på spesialsjukepleiarar, seier Thorsgaard.

Det er svært stor sjukepleiarmangel i Noreg, og særleg trengst det spesialsjukepleiarar.

Opplevd auka arbeidsbelastning

På akuttmottaket reagerer sjukepleiarane der på at dei ikkje blei prioritert i det lokale lønsoppgjeret. Dei tilsette der har opplevd ei auka arbeidsbelastning, og har utført fleire tusen smittemottak under koronatida. Det jobbar også fleire spesialsjukepleiarar der som ikkje får ta del i tillegga.

Siv Stene, plasstillitsvalgt på akuttmottaket ved Kristiansund sjukehus (NSF)

Siv Stene er sjukepleiar og tillitsvald gjennom Norsk sjukepleiarforbund, på akuttmottaket på Kristiansund sjukehus.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Dei kjenner seg urettferdig behandla. Dei har ein viktig jobb og ei lang og kostbar utdanning som ikkje blir verdsett, seier plasstillitsvald for sjukepleiarane der, Siv Stene.

– Er det meir prekært med spesialsjukepleiarar på intensivavdelinga?

– Det er klarte det er behov for spesialsjukepleiarar i eit akuttmottak, det er der dei kritisk sjuke pasientane kjem først, seier Stene.

– Vanskeleg å prioritere

På spørsmål om kvifor tillegga blei som den blei, svarar Helse Møre og Romdal at det blei semje blant partane om å prioritere desse gruppene med dei krava. Det seier HR-direktør Britt Rakvåg Roald, som ikkje vil kommentere situasjonen til enkelttilsette.

Bør ikkje helseføretaket klare å jamne ut i slike tilfelle, særleg når ein risikerer å miste verdifull kompetanse?

Fungerande kommunedirektør i Molde, Britt Rakvåg Roald.

Britt Rakvåg Roald er HR-direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det lokale oppgjeret omfatta over 2.500 medlemmar av Norsk Sykepleierforbund, og når økonomien som er sett av frå dei nasjonale oppgjera er avgrensa, er det alltid vanskeleg å prioritere mellom ulike grupper med tilsette, svarar Roald i ein e-post til NRK.

Ho legg til at alle oppgjer blir evaluert, slik at ein kan jamne ut der det er nødvendig.

Kan skape misnøye

Arbeidslivsforskar Kristin Nergaard ved Fafo fortel at det ofte kan bli litt misnøye i lokale oppgjer, men at det ender med så stort gap mellom så likt kvalifiserte tilsette, er relativt spesielt.

– Inntrykket mitt er at arbeidsgjevar er litt forsiktige med å lage så store skilnader mellom arbeidstakarar med same type stilling eller kompetanse. Vanlegvis er det mindre forskjellar, gjerne knytt opp til om ein har ekstra utdanning eller liknande, seier Nergaard.

– Kva er faren med ein slik situasjon?

– Det kan fort bli misnøye. Det som er mest krevjande er viss desse tillegga ikkje blir knytt til målbare kriterium, eller kriterium som er generelt akseptable. Då kan det skape litt uro på arbeidsplassen, seier ho.

Intensivsjukepleiar sluttar etter tre år – Eg føler meg utilstrekkeleg

Intensivsykepleier Sandra Louise Mæland slutter på Haraldsplass etter gjenåpningen av samfunnet.

Vil ha eit betre oppgjer

Norsk sjukepleiarforbund har fått blanda reaksjonar etter oppgjeret, og forstår godt at mange ikkje er nøgde.

– Vi meiner bestemt at det er behov for eit lønsløft for både sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og jordmødrer. Derfor streika vi i 2021, men nådde dessverre ikkje fram. For spesialsjukepleiarar med full ansiennitet har vi eit heilt konkret mål om 650.000 kroner i årsløn, svarar føretakstillitsvald Anette Lekve i ein e-post.

Ho seier dei ikkje er nøgd med totalpakka for lønsoppgjeret i fjor og vil kjempe for betre løns og arbeidsvilkår i årets forhandlingar, som startar i april.

Slit med kompetanse

For Hanne Thorsgaard i Kristiansund handlar det ikkje først og fremst om pengar, men om prinsippet.

– Kollegaene mine har vore veldig støttande og synest det er veldig trist viss dei mistar meg. Vi slit med kompetanse, seier Thorsgaard

Hanne Thorsgaard, anistesisykepleier på Kristiansund sjukehus.

Hanne Thorsgaard vurderer å slutte i stillinga si på Kristiansund sjukehus.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho trur ikkje dei vil ha nokon å setje inn i nattevaktstillinga ho går no, dersom ho sluttar. Det krev spesialkompetanse og erfaring.

– Det har vore snakka så mykje om at vi er støvsuga for spesialsjukepleiarar, og at vi må rekruttere. Men eg tenkjer vi også bør prøve å halde på dei vi har.

Vil trekke til seg studentar Benjamin får trippel løn i sjukepleiarjobben

Benjamin Andersen