NRK Meny
Normal

Spesialeininga i politiet: – Inga straff etter vådeskot

Det blir ingen straffereaksonar etter to tilfelle av utilsikta avfyring av tenestevåpen her i fylket i fjor. Det er konklusjonen til speisialeininga i politiet, som har lagt vekk sakene mot dei involverte.

Ålesund politistasjon

Eit prosjektil gjekk i golvet inne på Ålesund politistasjon i fjor haust.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Den første hendinga var inne på Ålesund politistasjon i slutten av september, då eit prosjektil gjekk i golvet.

Den andre hendinga var månaden etter, på ein parkeringsplass utanfor eit lensmannskontor på Nordmøre. Då gjekk våpenet av då det blei flytta frå ein tenestebil til ein annan. Prosjektilet gjekk i asfaltes og det var berre folk frå politiet til stades.

Ingen personar kom til skade i samband med dei to hendingane.

Ikkje noko straffbart

Ingar Bøen

– Det er naturleg å gå gjennom rutinane når slikt skjer, seier politimeister i Møre og Romsdal politidistrik, Ingar Bøen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi set tryggleiken i høgsetet, slik at risikoen for utilsikta avfyringar blir redusert ytterlegare, seier politimeister Ingar Bøen.

Møre og Romsdal politidistrikt har difor gått gjennom rutinane for våpenhandtering ein gong til, og har endra noko på instruksen.

Det skjer trass i at spesialeininga for politisaker etter etterforsking har konkludert med at d ei aktuelle tenestepersonane ikkje gjorde seg skuldig i noko straffbart då tenestevåpena gjekk av.