NRK Meny
Normal

Sperre i elva skal knekke parasitten

Villaksen skal få tilbake paradiset den ein gong hadde i elva Driva på Nordmøre. Til vinteren startar bygging av landets største laksesperre.

Laks opp Egganfossen i Haltdalen

Laksen skal igjen kunne hoppe og sprelle i Driva-vassdraget, dersom alt går bra med bygginga av den store laksesperra mot parasittherjingane i elva.

Foto: Viktor Sørensen

Nok er nok for både villaks, sportsfiskarar, elveeigarar og ekspertar. No skal lakseparasitten som har herja i Driva sidan midten på 1970-talet, utryddast ein gong for alle.

– Vi går fantastisk spennande tider i møte komande vinter. Håpet er at arbeidsforholda i elva blir maksimalt gode to vintrar på rad, seier Trond Haukebø, seniorrådgivar i Miljøverndirektoratet.

Trond Haukebø

Trond Haukebø hos Fylkesmannen er overtydd om at landets største laksesperre vil fungere i Driva.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gode forhold i den kjende lakseelva, vil seie så lita vassføring at bygginga kan gå smidig unna.

Betong og stål

Ei gedigen betongsperre frå eine elvebreidda til den andre, skal sikre effektiv utrydding av prasitten gyrodactylus salaris. Sperra blir 100 meter brei og seks meter høg. Bygginga er alt lyst ut på anbod.

Laksesperra i Driva

Laksesperra blir 100 meter lang og seks meter høg. Illustrasjoane viser korleis sperra blir medstrøms og motstrøms.

Foto: Sweco / illustrasjon

– Den skal byggast i betong og stål. Vi har arbeidd i fire- fem år med å førebu bygginga. Så dette er svære greier, seier Haukebø.

Anleggsmaskiner er alt i gang med å lage tilførselsvegar fram elvebreidda ved Snøvassfossan der sperra skal byggast. Ho blir med det plassert omlag 24 kilometer frå sjøen, like nedanfor Romfo kyrkje.

Langsiktig kamp

Lakseparasitten er heilt avhengig av laksen for å overleve. Sperra vil hindre laksen i å gå opp i øvre del av elva. Lakseungane ovanfor sperra vil dermed forsvinne etterkvart.

– Ved dette blir smitteområdet avgrensa til nede del av elva.Når sperra har vore i bruk i nokre år, skal elva nedanfor behandlast med gifta rotenon. Same behandlinga skal gjerast i Lisjdalselva, Usma og Batnfjordselva, seier Haukebø.

Gyrodactylus salaris

Den frykta prasitten Gyrodactylus salaris blei eit stort problem i mange elvar i landet, då smitten blei innført via import av lakseungar frå Sverige på midten av 1970-talet.

Foto: Tor Atle Mo

Kampen mot lakseparasitten i Driva blir arbeidskrevjande og skal føregå i årevis framover.

Fleire fiskesperrer

Første gong laksesperre var i bruk i Møre og Romdal var i Aureelva i Sykkylven for fleire år sidan.

– Det var svært vellukka, og vi er bomsikre på at systemet vil fungere fleire plassar, slår Trond Haukebø fast.

Laks 10kg.

Draumen er at parasittfri villaks igjen skal bli eit vanleg syn under laksefisket i elva Driva og andre infiserte lakseelver i Driva-regionen.

Foto: Mariann Myrold Johnsen

Også i elvar i Nordland og i Nord-Trøndelag har nytta laksesperrer mot prasitten.Prosjektet i Driva skjer i regi av Miljøverndepartementet. 30 millionar kroner er avsett til bygginga i år. Total vil det koste rundt 60 millionar kroner.

Lukkast ein med prasittkrigen i Driva-regionen og i sju elvar i Rauma, kan prasitten vere utrydda i Møre og Romsdal i løpet av 10 år.