NRK Meny
Normal

Sperra av delar av Molde sentrum etter funn av mistenkeleg gjenstand

Sperringane i Molde sentrum er no oppheva etter at bombeekspertar frå Oslo har undersøkt ein bombeliknande gjenstand. Det opplyser politiet

Bombesøk avslutta i Molde

Bombeekspertar frå Oslo ryddar saman etter at gjenstanden er undersøkt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Laster kart, vennligst vent...

Eit område rundt politistasjonen i Molde sentrum har vore sperra av store delar av dagen. Årsaka var funn av det som blir beskrive som ein bombeliknande gjenstand.

Faren er over og sperringane er no fjerna, opplyser operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Området som var avsperra tilhøyrer politistasjonen og det var politiet sine eigne folk som oppdaga denne.

Dette er eit område som ligg på baksida av olitistasjonen, så det er eit område der folk flest ikkje ferdast.

  • Her ryddar bombeekspertane vekk sperringane:
    Politifolk avslutter søk etter bombelignende gjenstand ved brua som går over til Molde politistasjon. Pakker ned minirobot og fjerner sperrebånd

Bombeekspertar frå Oslo

Politiet fekk hjelp frå bombeekspertar som raskt kunne slå fast at gjenstanden ikkje var ei bombe.

Det var Romsdals Budstikke som først melde om hendinga.

– Det er vel det vi har trudd heile tida, men det er klart vi må vere sikre i slike tilfelle, seier Ohr.

Vi har ikkje ønska å dramatisere situasjonen, men må vere på den sikre sida i slike saker.