Hopp til innhold

Sperra vegen med traktor for å stoppe naboane

Ei kvinne i Rauma er pålagt å fjerne traktoren som ho har brukt til å sperre vegen for tre naboar.

Norges lover tingrett

Tingretten har pålagt kvinna å fjerne traktoren til jordskifteretten har avgjort saka.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Fire naboar i Rauma er så usamde om bruken av ein veg at saka hamnar i jordskifteretten.

Det toppa seg då ein av dei i midten av august parkerte ein traktor i vegen for fysisk å hindre dei tre andre. Etter dette klarte partane ikkje å løyse striden sjølv, og nyleg hamna saka i retten.

No er det klart at kvinna må flytte traktoren, slik at naboane fritt kan bruke vegen til husa sine.

Usamd i utbetring av vegen

Saka starta då store nedbørsmengder øydela deler av den felles vegen. Mellom 60 og 100 meter av vegen går direkte inn på eigedomen til kvinna. Dei tre sette i gang reperasjonar av vegen, og hogde samstundes ned tre og busker langs vegen.

Ho meinte dei tok seg til rette, og protesterte høglydt. Då det ikkje førte fram, henta ho traktoren.

Nærast handgemeng

Den saksøkte reagerte på at dei starta utbetringsarbeidet utan å spørre henne. Då mannen hennar tok dette opp med dei tre andre blei det nærast handgemeng. Traktoren blei plassert i vegen fordi det blei trua med å sage ned tre slik at dei ramla over traktoren og bubilen til den saksøkte, står det i rettspapira.

Ho hevdar vidare at dei tre naboane ikkje har nokon vegrett, og at det ikkje finst nokon skriftleg avtale med henne som grunneigar. Ho meiner og det til tider har vore stor trafikk på vegen, og at det har blitt køyrt fort.

Måtte flytte

Men naboane får medhald i tingretten i at denne vegen er einaste ankomsten dei har til husa sine, og har blitt brukt til dette sidan den blei bygd på 50-talet.

Dei peiker og på at den eine naboen er ei eldre dame som måtte flytte ut som følge av at saksøkaren sperra vegen. Ho bur i følge rettspapira mellombels i eit turisthusvere i bygda.

Ein annan nabo held på å pusse opp huset sitt, og skulle flytte inn i ein oppgradert bustad til jul. Men no har arbeidet stoppa opp som følge av at vegen blir sperra. Tilbodet om at ein av saksøkarane kunne kjøpe den delen av vegen det er strid om er avvist.

Jordskifteretten skal behandle saka, truleg i løpet av første halvår i 2017.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL