Rune Sæbønes i MøreNytt i Ørsta fryktar aviskrig dersom berre Ørsta og Volda vert slått saman.
– Journalisten i meg seier at det hadde vore kjempegøy, men forretningsmannen i meg seier at det hadde ikkje vore heldig for nokon.
Sæbønes meiner utfallet av kommunereforma vil vere viktig for framtida til lokalavisene.
Tore Aarflot er redaktør i avisa Møre.
Foto: Linda Eikrem– Eg trur faktisk lokalavisene vil stå sterkare viss heile Søre Sunnmøre vert ein stor kommune, fordi det då vil vere behov for lokale nyheiter innanfor dei delane som er i ein slik kommune, seier Sæbønes.
Han får støtte frå redaktørkollega Tore Aarflot i Møre i nabokommunen Volda.
– Viss det vert ein så stor kommune som heile Søre Sunnmøre og kanskje med eit par kommunar frå Nordfjord, så trur eg det ville vere grobotn for lokalaviser i dei ulike bydelane.
– Men viss det berre blir Volda og Ørsta då?
– Då har vi eitt kommunehus og to aviser. Men vi har levd lenge på denne måten, side om side, så du skal ikkje sjå vekk frå at det går an leve side om side vidare også, seier Aarflot.
Godt skodde
Anne Gry Eilertsen, redaktør i Vikebladet/Vestposten er spent på utfallet
Foto: Linda EikremLokalavisa Vikebladet/Vestposten er eit resultat av ein samanslåingsprosess i 1989, då Vestposten på Hareid og Vikebladet i Ulstein slo seg i hop.
Redaktør Anne Gry Eilertsen er spent på resultatet av kommunereforma.
– Er det Hareid og Ulstein som vert slått saman, så er vi godt skodde. Vert det Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, ja, då må vi sjølvsagt diskutere kva vi skal gjere. Det må vi viss også Volda og Ørsta skal vere med.
Eilertsen håper inderleg at lokalavisa skal halde fram.
– Viss den dagen skulle kome at her er berre sånne reklamepublikasjonar, så meiner eg det er eit tap for lokalsamfunnet. Men det er vel slik at dei beste er dei som overlever lengst.
– Er Vikebladet/Vestposten i den kategorien?
– Håper det, ja, seier Eilertsen.
Vanskeleg framtid
Vidar Parr i Synste Møre synest heile kommunereformprosessen er rotete.
– Men eg forstår litt av tankegangen. Det er no ikkje slik at kommunegrensene er ein del av skaparverket, seier han.
Avisa dekkjer Vanylven kommune, som i folketal er den nest minste på Søre Sunnmøre. Kommunen er langt framme i arbeidet med kommunereforma, og ser både mot nord, sør og aust for eventuelle samanslåingspartnarar.
Vidar Parr i Synste Møre synest heile kommunereformprosessen er rotete.
Foto: Linda Eikrem– Kva skjer med Synste Møre viss eller når Vanylven vert ein del av ein større kommune?
– Eg ser vel ikkje moglegheitene for at vi skal sitje her og vere ei slags bydelsavis eller bygdedelsavis. Det ser eg på som veldig vanskeleg.
Parr viser til at kommunen er veldig viktig for avisa, både for stofftilfanget og som annonsør.
– Dei annonserer møte, reguleringsplanar og ledige stillingar i Synste Møre. Eg trur ikkje ein ny kommune vil gjere det i alle lokalavisene.
Vil halde fram som før
Endre Vorren i Vestlandsnytt trur ikkje behovet for lokale nyheiter vil forsvinne sjølv om det vert større kommunar.
Foto: Linda EikremEndre Vorren i Vestlandsnytt i Herøy og Sande trur ikkje kommunereforma vil ha så mykje å seie for avisdrifta.
– Vi har snakka om at uansett kva som skjer, så vil det framleis vere herøyværingar og sandssokningar som vil ha Vestlandsnytt. Så vi går ut ifrå at vi held fram uavhengig av kva som skjer med kommunegrensene.
Vorren trur ikkje behovet for lokale nyheiter vil forsvinne sjølv om det vert større kommunar.
– Eg trur folk har lyst til å lese om naustet i Kvalsvika der altanen kanskje må rivast, eller ungdomane som skal bygge seg firemannsbustad på Voksa. Det er sånne enkle og nære ting som folk likar å lese om.
Artikkelen er skriven som ein del av ei masteroppgåve. Linda Eikrem er i dag tilsett ved Høgskulen i Volda.