NRK Meny
Normal

Spent stemning i Kristiansund

Søndag møter Kristiansund Bærum i kvalifiseringskamp. Håpet er ein plass i eliteserien.

Uglan

Supporterklubben Uglan er spente framfor Kristiansund sin første kvalifiseringskamp på søndag.

Foto: Privat

Vi sender heile kampen direkte på radiokanalen NRK Sport.

Steintøff dessert

Kristiansund BK klarte å sikre seg fjerdeplassen i 1. divisjon førre helg. Det betyr at det no er mogleg for nordmøringane å rykke opp til eliteserien. For at dei skal klare det må dei vinne fire kampar, og den første er mot Bærum på søndag.

Lenger enn søndag er det ingen som tør å tenke.

Kristiansundtrenar Christian Michelsen er spent framfor den store oppgåva, men gjer sitt beste for å ikkje legge press på sine eigne spelarar.

Christian Michelsen

Trenaren til Kristiansund, Christian Michelsen, vil helst behandle kampen på søndag som ein helt vanleg kamp.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi prøver å halde fram i den fine tralten vi har hatt heile sesongen og ikkje gjere det til noko ekstraordinært, sjølv om det jo er ein spesiell kamp. Det er berre å gle seg, seier trenaren.

Ettersom Kristiansund enda på den andre kvalifiseringsplassen, får dei heimekamp i dag. Michelsen har merka at heile byen er spent og gler seg. Han meiner ikkje at dette først og fremst er ei tøff oppgåve, han meiner heller at det er belønninga.

– Dette er ein dessert som ligg og ventar på oss etter god innsats over lang tid, seier Michelsen.

Sjølv om han er opptatt av å dempe forventningane er det ikkje teikn til at trenaren vil ta lett på den første utfordringa, Bærum.

– Det blir steintøft. Det er ein kamp mellom to topplag i serien og då seier det seg sjølv at det blir jamt.

Lang veg opp

Dersom Kristiansund vinn over Bærum, skal dei spele mot vinnaren i kampen mellom Mjøndalen og Fredrikstad. Dersom Kristiansund vinn denne òg, skal dei spele to kampar mot laget som endar på kvalifiseringsplassen i eliteserien. Før siste serierunde er det Brann som står på denne plassen.

Trenar Michelsen meiner det er ein så lang veg fram til eit eventuelt opprykk at han nektar å snakke om det.

– Vi tenker på søndag, vi. Det blir éin kamp om gangen og så får vi sjå om vi får ein ny sjanse neste helg. Så får vi sjå er så god at vi til slutt kan få spele mot det eliteserielaget som vil berge plassen. Men det er langt fram dit, vi har berre fokus på søndag, seier Michelsen.

Jarl Ivar Eriksen er leiar i supporterklubben Uglan. Han òg meiner at det er kampen i dag som er mest interessant.

– Eg håper sjølvsagt at vi er med så langt som mogleg, men vi forventar ikkje opprykk.

– Folk må stille opp

For han er det stort at laget han støttar har kome seg så langt som til kvalifiseringa.

– Eg har vore med frå dag éin, så berre det å vere med og spele kvalifiseringskamp er ein liten draum som går i oppfylling, seier Eriksen.

Han kan melde om at folk i byen er veldig spente. Derfor reknar han med at folk i Kristiansund vil fylle tribunane på søndag.

– Eg håper, trur og forventar at folk stiller opp no. Det er heilt spesielt det som skal skje, seier supporterleiaren.

NRK skal sende kampen direkte på radio, og fotballkommentator Allan Eikrem er einig med Eriksen.

– Kristiansund har ikkje hatt eit lag på øvste nivå sidan 1950-talet, så eg håper at kristiansundarane går mann av huse for å støtte laget sitt.

Klatra fort

Eikrem er imponert over det Kristiansund har fått til dei siste åra.

Allan Eikrem

Allan Eikrem ser fram til å kommentere kampen på radiokanalen NRK Sport.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er imponerande at laget vart nummer fire i sin andre sesong på dette nivået. Dei var oppe og lukta på kvalifisering i fjor òg, men då heldt det ikkje heilt inn.

Fotball i Kristiansund har lange tradisjonar, men Kristiansund Ballklubb er ingen gammal klubb. Den vart starta opp i 2004 som ein samanslåing av førstelaga til Kristiansund Fotballklubb og Clausenengen.

– Det er ikkje mange lag som har klatra så fort som KBK. Det er tydeleg at dei har gjort mykje riktig og klart å trekke til sege gode spelarar, seier Eikrem.

Etter to sesongar i 3. divisjon, rykka dei opp til 2. divisjon. Der hadde klubben sju sesongar, alltid i toppsjiktet, før dei til slutt vann avdelinga i 2012 og rykka opp til 1. divisjon. Dette er Kristiansund sin andre sesong på nest øvste nivå i norsk fotball, og dei er no fire sigrar unna eliteserien.

– På papiret skal dette bli ein veldig open affære. Laga tok like mange poeng i år og vann kvar sin heimekamp mot kvarandre. Så dette er ein kamp eg ser veldig fram til å kommentere, seier Allan Eikrem.

Flere saker: www.nrk.no/mr