NRK Meny

Spent på ny landbruksminister

Fylkesleiar Inge Martin Kvalsvik i Bondelaget er spent på om den nye landbruksministeren kjem til å vidareføre Sylvi Listhaug sin landbrukspolitikk. Jon Georg Dale frå Volda blir truleg utnemnt til ny landbruksminister i eit ekstraordinært statsråd i dag. Begge kjem frå Frp. – Blir Dale statsråd skal han bli invitert til Landbrukskonferansen i Molde i mars, seier Kvalsvik.

Bondelagsleiar Inge Martin Karlsvik
Foto: Gunnar Sandvik / NRK