NRK Meny

Spenning bak Helge Orten

Det kan ligge an til ein spennande kamp om 2.plassen på Høgre si liste til stortingsvalet neste år. Forslaga frå lokallaga tyder på kamp mellom Marianne Synnes frå Ålesund og Trude Fjærli Giskås frå Giske om 2.plassen, men fleire andre namn på kandidatar er og blitt kasta inn. Svara frå lokallaga viser at Helge Orten har brei støtte i lokallaga.

Helge Orten
Foto: Trond Vestre / NRK

Siste video/lyd

Sterk auke i transporten av gass med tankbil på strekninga Aure-Kristiansund gjer at ferjepassasjerane ikkje lenger stoler på at dei kjem fram når dei skal. Ordføraren i Aure gir fylkeskommunen skulda.
Far og son måtte begge hoppe på sjøen då ein fritidsbåt starta å brenne utenfor Alnes i Giske i dag tidleg. Politiet skryt av måten dei handla på.
I Molde fryktar trafikantar kaotiske forhold når Frænavegen i dag vart stengt for 6 veker. Årsaka til stenginga er at gamle vassrøyr må skiftast ut. Vegen er gjennomfartsåra til Molde og ein av dei mest trafikkerte.