Hopp til innhold

Solberg spelte ballen tilbake til Molde

Statsminister Erna Solberg ville ikkje forskottere noko løysing for trafikken i Molde då ho fekk orientering om Møreaksen i dag.

Erna Solberg og Berit Brendskag Lied

På ferja mellom Molde og Vestnes var Møreaksen tema. Erna Solberg sit saman med regionvegsjef Berit Brendskag Lied.

Foto: Trond Vestre / NRK

Statsminister Erna Solberg er i dag på besøk i Møre og Romsdal. På ferja mellom Molde og Vestnes vart Møreaksen eit viktig tema.

Trafikksituasjonen i Molde vil endre seg når fjordkryssingsprosjektet står ferdig.

Moldeordførar Torgeir Dahl meiner det er viktig å finne løysingar for bytrafikken og viser til undersøkingar som er gjort.

– 70 % av trafikken som kjem langs E39 i dag skal til Molde. Ein kan sjølvsagt legge vegen utanfor Molde, for eksempel gjennom Fræna, men då må dei som skal til Molde eventuell snu og køyre tilbake. Det er noko av utfordringane knytt til Møreaksen, og det må vi finne gode løysingar på, seier Dahl.

Vil ikkje forskottere ei løysing

I dag er ein helt avhengig av ferje dersom du skal reise mellom Ålesund og Molde. Med Møreaksen blir ferja erstatta av bru og tunnel.

Sjølve Møreaksen er ikkje så veldig kontroversielt. Det store spørsmålet er om vegen vidare skal gå gjennom Molde, og dersom den skal det: kor lang skal den planlagde bytunnelen vere og skal Molde betale bompengar. Statsministeren ville i dag ikkje forskottere ei løysning og spelte ballen tilbake til Molde.

– Det må vere opp til dei å bestemme. Først må dei samarbeide med vegvesenet og så må dette greiast ut. Det som var formålet med Møreaksen var å bygge Molde og Ålesund saman, men korleis ein skal gjere krysningen til Molde det har vi enno ikkje tatt eit val på, seier Solberg.

– Dei må først kome med innspel og så skal vi gå gjennom dei, held ho fram.

Statsministeren seier vidare at ho forstår at det er viktig å finne ei løysing for Molde sentrum.

– Ja det gjer eg, men det er ikkje slik at kvar gong vi bygger eit stort vegprosjekt så skal vi bygge alle dei andre vegprosjekta også, seier Solberg.