NRK Meny
Normal

Spelte Ane Brun under Super Bowl

Over 100 millionar TV-sjåarar fekk med seg låta "Don't Leave" under reklamepausen til det amerikanske sportsarrangementet.

Ane Brun

Den populære artisten Ane Brun frå Molde fekk truleg nokre nye fans då musikken hennar vart spelt reklamepausen under eit gigantisk TV-sendt sportsarrangement i USA.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ifølgje Dagbladet nådde artisten frå Molde dermed eit enormt publikum då General Motors valde å bruke låta hennar i ein reklamefilm under det årlege gigantarrangementet.

I fjor tiltrekte kampen heile 108,4 millionar sjåarar, noko som gjer at store amerikanske selskap konkurrerer om sendetid og dei mest spektakulære reklamane, skriv avisa.

– Eg er så stolt! Songen min "Don't Leave" er lydsporet til Chevrolet og American Cancer Society's Super Bowl reklame 2014! For kvar lilla profilbilde på sosiale media vert ein dollar donert til kampen for å kurere kreft! skriv Ane Brun på Facebook-sida si.

Reklamefilmen, titulert "Life", viser eit par som køyrer ein Silverado pickup. Kvinna i passasjersetet har overlevd kreft og smiler mot soloppgangen medan ho grip handa til den mannlege sjåføren. Einaste lydspor i den eitt minutt lange reklamen er altså då låta "Don't Leave."

Sjå reklamen her:

Musikkvideoen til "Don't Leave":