Hopp til innhold

Spelegal dømd for å ha underslått over 6,5 millionar

Ein dagleg leiar i eit byggefirma i Ålesund er dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for underslag på over 6,5 millionar kroner. Mannen skal ha brukt pengane til å finansiere speling på veddeløpshestar.

Lovbok / Norges lover

Ein 51 år gamal ålesundsmann er dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for underslag av over 6,5 millionar kroner.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

51-åringen klarte å lure unna minst 6,5 millionar kroner kontoen til byggfirmaet, før han blei stoppa i fjor haust.

Mannen var dagleg leiar og styremedlem, og hadde dermed enkel tilgang til selskapet sine konti.

Brukte pengane på veddeløpshestar

I dommen kjem det fram at han brukte pengane i all hovudsak til speling på veddeløpshestar. Mannen møtte ein annan mann i 2011, som nettopp hadde vunne 80 000 kroner på hestespel. I retten forklarte 51-åringen at spelinga etter kort tid tok overhand. Han blei hekta på spel og utvikla spelegalskap.

Men i staden for dei store gevinstane, blei det tap, og etterkvart tok han i bruk bankkortet til byggfirmaet der han var dagleg leiar. Dette var ifølgje mannen sjølv ei medverkande årsak til at firmaet gjekk konkurs hausten 2014, og at arbeidsstokken på 25 til 30 tilsette miste arbeidet sitt.

Fått diagnosen "patologisk spelelidenskap"

I retten kom det fram at mannen hadde fått diagnosen "patologisk spelelidenskap". Retten meiner den psykiatriske diagnosen ikkje er irrelevant ved straffeutmålinga, men at det likevel kjem i bakgrunnen sidan mannen har gjort seg skuldig i så alvorleg økonomisk kriminalitet.

Vedgjekk alt

I retten vedgjekk mannen det som han var tiltalt for. Men forsvararen viste i retten til svikt i selskapet sine kontrollrutinar. Retten meiner spørsmålet er på sin plass, men at svikten i internkontrollen likevel ikkje reduserer ansvaret til 51-åringen for det grove underslaget.

Retten har lagt vekt på at mannen, ved å vedgå alt, har spart samfunnet for eit betydeleg etterforskingsarbeid. Retten hadde i utgangspunktet tatt utgangspunkt i ei fengselsstraff på to år og seks månader, men tilståingsrabatten gjer at straffa endar på eitt år og åtte månader. Han må i tillegg betale tilbake pengane han har tatt.