Hopp til innhold

Spelarjakt i Afrika

Aalesunds Fotballklubb kan etablere tettare kontakt med fotballmiljøa i Senegal og Kapp Verde for å hente inn nye talent. Det kan bli resultatet av ein 10-dagarstur som talentutviklar Reidar Vågnes nyleg har vore på. Same mann var sentral då Mame Biram Diouf og Pape Pate Diouf blei henta til Molde for fire år sidan. (Sjå video)

Video nsps_upload_2009_5_25_10_54_51_1406.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Lovande ungdommar frå Afrika

Reidar Vaagnes o gung afrikanar

Reidar vaagnes og ungt talent frå Afrika

Reidar Vågnes er tilbake etter 10 dagar i Afrika der han har pleia kontaktane sine i Senegal og på Kapp Verde. Der var han saman med gode vener i Dakar der Youssoupha Fall har eit akademi i hovudstaden i Senegal. Kontaktar som kan vise seg å verte gode for ÅFK- dersom klubben vil.

For fire år sidan var Vågnes sentral då Mame Biram og Pape Pate Diouf vart henta til Molde som 18-åringar. Og dei er gode døme på at det finst glitrande fotballemne frå Dakar- noko ÅFK sin talentutiklar gler seg over.