Hopp til innhold

Spelar trass i at han er valdtektstiltala: – Saka er øydeleggande for Molde sitt omdøme

Ein Molde-spelar kan få tre valdtektspåstandar mot seg i ankesaka neste år. Fleire ekspertar meiner saka har blitt ei så stor belastning for klubben at det går utover omdømet deira.

Sjak R. Haaheim

KRITISK: Den erfarne advokaten Sjak R. Haaheim set fingeren på fleire ting med saka om den valdtektstiltalte Molde-spelaren. Haaheim er mellom anna kritisk til at klubben har valt å gi tillit til ein tiltala i ei valdtektssak. – Då gir dei implisitt mistillit til vedkomande som seier seg krenka, seier Haaheim.

Foto: Ingvild-Anita Velde / NRK

– At det er fleire valdtektspåstandar som kjem opp gjer det berre verre for Molde FK, seier den rutinerte advokaten Sjak R. Haaheim.

I august vart ein Molde-spelar frifunnen for å ha valdtatt ei kvinne på eit nachspiel i mai 2017. Samtidig måtte han betale 150.000 kroner i erstatning til kvinna.

Statsadvokaten anka saka, som truleg kjem opp i lagmannsretten til våren. John Christian Elden, som har tatt over som advokat for kvinna, ber Statsadvokaten sjå på to nye valdtektspåstandar.

– Ein verkebyll

Medan ein ventar på ei ny rettsbehandling er spelaren ein vanleg medlem av Molde-stallen, bekreftar administrerande direktør Øystein Neerland, utan å ville kommentere saka ytterlegare.

Sjak R. Haaheim meiner spørsmålet om kor vidt Molde-spelaren bør spele kampar eller ikkje medan han er tiltala handlar like mykje om omdømme som om juss.

– Eg forstår at det vekker reaksjonar. Dette er ein verkebyll som ikkje blir mindre for Molde FK. Det er ei stor belastning for dei. Men det handlar mest av alt om kva omdøme Molde vil sitje igjen med, seier Haaheim.

Øystein Neerland

GJER IKKJE TILTAK: Den valdtektstiltalte spelaren er framleis tilgjengeleg for spel, seier administrerande direktør i Molde, Øystein Neerland.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Feil uansett

Omdømeekspert og rektor ved Høyskolen Kristiania, Trond Blindheim, meiner omdømet til Molde er øydelagt for mange, men ikkje for alle. Spesielt dei som kjenner kvinna som meiner ho er valdtatt vil ha vanskar med å relatere seg til klubben, trur Blindheim.

Trond Blindheim

– SAKA ER ØYDELEGGANDE. Omdømeekspert Trond Blindheim meiner saka om den valdtektstiltalte spelaren er øydeleggande for klubben, men seier samtidig at det blir feil uansett kva klubben gjer.

Foto: Markedshøyskolen

– Saka er øydeleggande for klubben sitt omdøme, men det hadde ho også vore om dei nekta spelaren å spele. Det blir feil uansett kva ein gjer, seier Blindheim.

Og utdjupar:

– Det er eit viktig rettsprinsipp at det må ligge føre ein dom. Det handlar om bevisets stilling og at tvilen må kome tiltalte til gode. Andre vil derimot sikte til føre var-prinsippet og meine at det for sikkerheits skuld er best å ta spelaren ut av laget. Då kan saka sjå betre ut i ettertid.

Banner

BANNER: Fleire gonger i år og i fjor har Molde blitt med banner med ulike beskjedar frå motstandarane sine

Foto: Magnus Straume

– Blir trakasserte og trua

Reidar Sandblåst

HETSA og TRAKASSERT: Leiar i Tornekrattet, Reidar Sandblåst, seier at det har vore ei tøff tid for Molde-supporterane. Dei opplever hets og trakassering, spesielt på bortekampar. Tornekrattet ønskjer ikkje å røpe kva signal dei har gitt klubben om saka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Saka om den valdtektstiltalte Molde-spelaren har vore ei stor belastning for mange. Spelarane har vore lite snakkesalige om situasjonen. Trenar Ole Gunnar Solskjær har sagt at han vel spelarar ut frå den stallen klubben har.

Men situasjonen har ikkje minst vore problematisk for supporterane, som blir møtt med banner med hets på ulike arenaar i Norge.

– Det har spesielt vore mykje trykk på bortekampar. Vi har blitt trakasserte og trua med juling. Damene vi har med på kampane våre blir spurde om dei likar å bli valdtekne, seier Reidar Sandblåst, leiar i Tornekrattet.

Han vil ikkje røpe kva signal supporterklubben har gitt klubbleiinga om saka.

John Christian Elden

John Christian Elden, advokat til to av dei tre kvinnene som meiner dei er valdtekne av Molde-spelaren, seier at dei ikkje har noko oppfatning av spelaren sitt arbeidsforhold.

Foto: Truls Aagedal / NRK