Hopp til innhold

Spelar for 55. gong på det uvanlege instrumentet

Dette er dama som har gløymt å slutte i korpset. Ho fekk det heilt spesielle instrumentet i 1966, og har spelt på 17. mai kvart år etter.

Marit Aunan Nerland

KONSENTRASJON: Marit Aunan Nerland har vore i tvil om det skulle bli speling på nasjonaldagen i år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho er eit kjent fjes i bybildet når Molde Janitsjar kjem marsjerande. Når andre spelar på kornett og klarinett, drar Marit Aunan Nerland fram lyra. Folk flest vil nok helst kalle instrumentet for eit klokkespel.

– Eg fekk instrumentet i 1966. Det vart starten på eit langvarig forhold.

Den pensjonerte læraren skal søndag spele lyre på 17. mai for 55. gong på rad.

– Eg var litt redd for at det ikkje skulle bli speling i år. Ikkje for min eigen del, men ein 17. mai utan korpsmusikk ville ikkje vere noko særleg.

Marit Aunan Nerland

UVANLEG KORPSVÅR: Musikanten i Molde har sakna dei faste øvingane med janitsjarkorpset onsdagskveldane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Avlysing og krise

Barnetoga er avlyste over heile landet. Og koronakrisa har slått hardt ut for korpsa. Musikantane har blitt nekta tilgang til øvingslokala sine på skulane.

Norges Musikkorps Forbund opplyser til NRK at berre 4 av 10 vaksenkorps kjem til å spele på 17. mai denne uvanlege våren. Blant skulekorpsa er det tre av fire som spelar.

Ein annleis nasjonaldag

Korps

TRØBLETE VÅR: Musikkorpsa har møtt store utfordringar denne våren, då dei ikkje har fått øvd.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Nesten 60 000 barn, ungdommar og vaksne spelar i musikkorps her i landet. Rita Hirsum Lystad i Norges Musikkorps Forbund er spent på korleis koronakrisa vil verke inn på rekruttering og medlemstal. Presidenten seier at dei er offensive, og vil jobbe hardt for å halde aktiviteten oppe. Men først er det nasjonaldagsspeling.

– Det blir ein annleis 17. mai. men mange korps er oppfinnsame. Dei har funne gode alternative løysingar, seier musikkorpspresidenten.

Bordet fullt

Marit Aunan Nerland og bruren Reidar

1966: Ungjenta Marit Aunan har endeleg fått lov til å spele i korps. Her med klokkespelet og broren Reidar.

Foto: Privat

Nokre korpsfolk får diplom for 5, 10 og 15 års medlemskap. Men i Fagerlivegen i Molde er bordet fullt. For Marit Aunan Nerland med klokkespelet har det blitt 40 år i korpset, det har blitt 50, og no 55 år.

– Eg er ikkje så opptatt av kor mange år eg har spelt. Men dei andre i korpset seier at eg har gløymt å slutte.

Rart med onsdagar utan musikk

Koronakrisa har sett ein stoppar for korpsøvingane. For Marit Aunan Nerland var det veldig rart å ikkje skulle dra på øving onsdagane i mars, april og mai

– Det er ein viktig del av livet mitt som ikkje har vore der.

Marit Aunan Nerland

SJEKKAR UNIFORMA: Marit Aunan Nerland trur det ville vere veldig rart om ho ikkje skulle spele på nasjonaldagen.

Foto: Remi Sagen / NRK

No blir det 17. mai utan tog i Molde. Janitsjarkorpset sine folk skal stille opp i god avstand og spele for dei eldre på institusjonar i byen. Dei skal også spele frå dekket på hurtigruta.

Marit Aunan Nerland gler seg som ein unge, medan ho sjekkar at uniforma er i orden.

– På nasjonaldagen likar eg å spele raske løp. Eg spelar fleire tonar enn eg treng å gjere. Det er ikkje for å briljere, men når eg spelar, kjenner eg verkeleg at eg lever. Det er heilt fantastisk at vi får lov til å spele på 17. mai, etter alt som har skjedd!

Marit Aunan Nerland

HISTORISK: Borgartog blir det ikkje, men etter 55 år kan det kanskje bli første 17. mai-speling med snø i Molde.

Foto: Remi Sagen / NRK