Hopp til innhold

Dei beste i Europa er samla i Molde

Denne helga er dei beste europeiske undervassrugbylaga på plass i Molde for å spele Europaliga-kampar.

Undervannsrugby

Molde undervassrugbyklubb, var nominert til årets lag under Idrettsgallaen og har gjort det svært bra så langt i år. Denne helga er det klare for nye kampar. Bildet er tatt frå ein tidlegare kamp.

Foto: Mattis Mikkelsen

Laurdag og søndag er det duka for ein rekke Europaliga-kampar på Moldebadet. Totalt ni lag frå heile Europa har tatt turen til Molde for å delta i den andre runden av Europan Underwater Rugby League.

– Det er utruleg artig å få alle dei vi møter ute i Europa hit til Molde. Det er kjekt å kunne vise fram byen vår, og spelarane skryter både av den, utsikta og anlegget, seier Iver Røberg Bjørnerem, spelar i Molde undervassrugbyklubb og landslagstrenar.

Viktig for rekrutteringa

Bjørnerem fortel at slike arrangement er med på å sette Molde på kartet.

Iver Bjørnerem

Molde-spelar og landslagstrenar Iver Røberg Bjørnerem synest det er gøy å kunne arrangere eit Europaliga- meisterskap i Molde i helga.

Foto: Privat

– Det å arrangere eit slik meisterskap er nøkkelen til å kunne utvikle oss vidare. Det viktig for oss som klubb å arrangere eit slik meisterskap på heimebane, seier han.

Det er også svært viktig for vidare rekruttering, meiner Molde-spelaren.

– Eg trur det kan vere ein augeopnar. No har vi sjansen til å vise at internasjonale kampar blir spelt her i Molde, og det er med på å auke interessa for sporten, seier Bjørnerem.

– Vi har fått fleire yngre spelarar dei siste åra, og eg trur det er fordi sporten har blitt meir kjent blant folk flest, held han fram.

Blir godt med støtte

Molde undervassrugbyklubb, som også var nominert til årets lag under Idrettsgallaen, har gjort det svært bra så langt i år. Laget vann alle sine tre kampar i den førre runden som blei spilt i Finland, og er saman med russiske UWRC Betta det einaste laget med full pott så langt.

Molde spelar to kampar denne helga. Laurdag klokka 18.00 møter dei det andre norske laget i turneringen, Akkaren, og søndag måler dei krefter med SDK Malmö Triton frå Sverige.

– Vi går for seier i begge kampane, og tar sikte på å passere det russiske laget på tabellen i løpet av helga, seier Bjørnerem.

Han ser spesielt fram til å ha heimepublikummet i ryggen under kampen.

– Det er sjeldan vi har så mykje publikum så det blir kjekt å ha vener, familie og andre kjente her for å heie på oss, seier Bjørnerem.

Molde er regjerande meister i Europa League, og har vunne alle av turneringane dei tre siste årene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no