Hopp til innhold

Spelar bingo med saueskit

Er du lei av Tipping, Lotto, Extra og nettpoker? Då kan du kanskje heller jakte på den store gevinsten med saueskit.

På Dimna i Ulstein spiller de bingo med sauens skitt.

Slik spelar dei korrebingo på Dimna i Ulstein. Skit frå sauen kan gje deltakarane god og verdifull gevinst.

Reiser du til Sunnmøre, kan du vere med på korrebingo. Og med ein gong melder behovet for eit lite språkkurs seg.

  • Ein korr = ein sau
  • Korri = sauen
  • Korrane = sauene
  • Korra = sauer

Av og til kan du høyre folk på ytre søre Sunnmøre rope; korri, korri, korri. Når dei ropar dette, er det eit forsøk på å lokke til seg ein eller fleire sauer.

Korrebingo på Dimna

Dermed skjønar du at korrebingo er bingo der ein eller fleire sauer spelar ei viss rolle. Om du trur Dimna også er eit ullkledd dyr, tek du feil. Dimna er ei vakker halvøy i Ulstein kommune.

Steffen Frøystad

Steffen Frøystad er dagens leiar av korrebingoen på Dimna.

Foto: Høgskulen i Volda

Under Dimnadagen var det sauen Kitty som spelte hovudrolla. Ho fekk boltre seg på eit jorde, eit jorde som var oppruta. Langs gjerdet sto alle gamblarane, og ropte til henne.

– Bæsj, bæsj, bæsj, ropte dei.

Særleg når Kitty sto på nokre spesielle ruter var ropinga intens. Dette var rutene dei lokale gamblarane hadde sett pengane sine på.

Korrebingo

Slik blir det markert på resultattavla kvar sauen Kitty har skite.

Foto: Mari Reisjå / Høgskulen i Volda

Dette er korrebingo

I korrebingo treng du ein sau. Meininga er at sauen skal skite. Dette skal han gjere medan han går på eit oppruta jorde. Rutene er merkja av, og har kvar sine nummer, akkurat som på eit bingoark.

Du skal altså gjette kvar på jordet sauen legg frå seg skiten sin.

Etter nokre minutt, alt etter som, studerer dommaren jordet, og fastslår kvar sauen har skite. Dei som har kjøpt kryss på dei rette rutene har vunne.

– Vi slepper sauen ut på ei attelege (ei mark). Der skal sauen sleppe frå seg saueparlar (saueskit). Alle som har fått ei saueparle (saueskit) i ruta si, vinn ein karamell, seier Steffen Frøystad, dagens leiar for korrebingoen.

– Legg ein strategi

Det kan vere mange strategiar for å bli ein god korrebingo-spelar. Dei fleste satsa på å følgje med på korleis sauen oppførte seg like etter han kom inn for gjerdet.

– Det må truleg bli der borte, sa ei av deltakarane før ho kjøpte bongen sin. Eg følgjer magekjensla, sa ei anna. Mens andre var klare på at dei satsa på full gevinst.

Så spennande blei det, at nokre gjekk heim litt tidlegare enn dei hadde tenkt.

Eg tør ikkje å bli med på premieutdelinga. Dette blei for spennande, sa ein av deltakarane til Nærnett ved Høgskulen i Volda.

Isabella Kleven

Isabella Kleven blei dagens vinnar. Ho vann ei fruktkorg som er tre gonger større enn henne sjølv.

Foto: Mari Reisjå / Høgskulen i Volda

Satsa på midten

Truleg er det mogleg å bruke statistikk og matematikk for å finne ut kvar sjansen er størst for å få full gevinst i dette spelet. Nokre satsa på rein logikk.

Eg satsa på midten av jordet. Eg reknar med at sjansen er størst for at det blir noko der, sa ei av deltakarane.

Vesle Isabella Kleven viste seg å bli den store vinnaren av korrebingo-konkurransen. Ho fekk ikkje berre ein karamell i premie, men ei gedigen fruktkorg, tre gonger så stor som ho sjølv.