Hopp til innhold

Spekulerer i millionlønn

Anders Lindegaard er framleis AaFK-keeper, men spekulasjonane om kva dansken får i lønn går for fullt.

Anders Lindegaard

Spekulasjonane går for fullt om Anders Lindegaards mulege millionlønn.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Det er først smp.no som melder søndag at det danske Ekstra Bladet har sett nærmare på kva dansken kan vente seg å få i lønn om han vert Manchester United-keeper.

Superlønn

Ifølgje avisa sine engelske pressekjelder kan Lindegaard sjå fram til ei årslønn på drøyt 20 millionar norske kroner.

Det vil seie at Lindegaard kan få 430.000 norske kroner i veka. Etter skatt vil uansett dansken få rundt ein million kroner på lønnskonto i månaden.

Les også:

Mange spekulasjonar

Ifølgje britisk media er det berre ein medisinsk test som står att før Lindegaard er klar for Manchester United. Samstundes vart det spekulert i om Lindegaard var i England like før helga for å gjennomføre desse testane. Det kunne ein raskt avkrefte då Lindegaard var i Geiranger på den årlege avslutningsturen saman med AaFK-kameratane fredag kveld.

Lindegaard

AaFK-keeper Ander Lindegaard saman med lagkameratar i Geiranger fredag. Spekulasjonane om at han var i England vart raskt avkrefta.

Foto: Privat

AaFK-leiinga er framleis tause om ein framtidig overgang for Anders Lindegaard.

Då NRK snakka med direktør Henrik Hoff og styreleiar Bjarne Haagensen på Ålesund Lufthavn Vigra fredag ettermiddag var dei framleis tause om ein muleg overgang.

– Vi vil ikkje kommentere saka slik situasjonen er no, sa Hoff til NRK.

– Fleire nettstadar går så langt i å seie at ein overgang er nær, kvifor er alt så hemmeleg?

– Vi vil ikkje kommentere saka slik situasjonen er no, gjentek Hoff.

– Har de ikkje noko tidsperspektiv?

– Nei, seier han.