NRK Meny
Normal

– Spektakulært med gigantisk havvindmølle

Smøla kommune er begeistra, men Fylkesmannen er skeptisk til ein gigantisk 130 meter høg havvindturbin på Haugøya på Smøla.

Vindturbin på Haugøya

Slik vil den 130 meter høge vindturbinen på Haugøya sjå ut sett frå Veiholmen mot Hopen.

Foto: Statkraft/Fotomontasje: Multiconsult

Haugøya i Smøla kommune
Foto: Statkraft

Statkraft har fått konsesjon til å plassere ein slik testturbin for havvindproduksjon på Haugøya mellom Hopen og Veiholmen. Dette får smølaordførar Roger Osen til å bruke ord som spektakulær om ein slik gigantisk og omstridt stor vindturbin.

– Dette er ein testturbin for offshore havvindmøller og vi meiner det vil vere kjøle spektakulært med ein sånn type havmøller på land ut mot havgapet og Veiholmen, seier smølaordføraren.

Roger Osen

Smølaordførar Roger Osen er positiv til plassering av vindturbinen på Haugøya.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Kommunestyret var nesten samstemt positiv, men vi veit at det er forskjellige meiningar og respektere det, seier Roger Osen.

Dei fleste er likevel positive og meiner dette blir spektakulært.

Fylkesmannen vil heller ha testturbinen saman med dei 68 andre vindturbinane i vindparken på Smøla.

Skeptisk til Haugøya

– Vi forventar at samlokalisering vil gje mindre negativ effekt same kva. På Haugøya er det ingen turbin per dags dato, og det er også eit område med sjøfugl. Det er ein grunn til at vi meiner at det burde ha vore samlokalisert, seier seksjonssjef Ulf Lucasen.

Plassering på Haugøya kan få vesentleg negative effektar på fugl, særleg havørn, meiner Fyllkesmannen som vil legge føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova til grunn for si haldning. Fleire av dei sjøfuglartane som ein vindturbin kan gje negative effektar på er på raudlista.

Fylkesmannen har ikkje vesentlege innvendingar mot plassering av testturbin søraust i den eksisterande vindmølleparken på Smøla.

Motsegna frå fylkesmannen gjer at konsesjonssøknaden frå Statkraft går til klagebehandling. Når klagefristen er ute vil saka bli sendt over til Olje- og energidepartementet for endeleg avgjersle.

Til testing

Tysdag var det klart at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Statkraft konsesjon til å setje opp den gigantiske havvindturbinen. Testturbinen kan gje ein årleg produksjon på om lag 22 GWh.

Ifølgje TU.no skal den enorme testturbinen gje Statkraft naudsynt erfaring med å teste, kvalifisere og vedlikehalde havvindturbinar i forkant av den planlagde havvindpark på Doggerbank i britisk farvatn.

Maritimt miljø

Torbjørn Steen

– Viktigast med plassering i eit maritimt miljø, seier kommunikasjonssjef i Statkraft for vind og teknologi, Torbjørn Steen.

Foto: Per Thrana / Statkraft

Kommunikasjonssjef i Statkraft for vind og teknologi, Torbjørn Steen, seier det viktigaste kravet frå dei til plassering av testturbinen er eit maritimt miljø. Dessutan er dette i tråd med lokale ynskje, seier Steen.

– Vi har også vurdert plassering andre stader på Smøla, men fordelen med å plassere turbinen på Haugøya er at transport og montasje kan gå føre seg frå fartøy. Å montere ein turbin med slike dimensjonar frå land er mykje vanskelegare, seier Steen.