Hopp til innhold

– Det er ikkje meininga at turistane skal gjere som på bildet

Spektakulære bilde med folk på kanten av stup, vert brukt i marknadsføringa for reiselivet. Destinasjon Geirangerfjord seier at bileta er eit dilemma for dei.

Faksimile av Flydalsjuvet

Faksimile frå Destinasjon Geirangerfjord sine nettsider.

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT

Reiselivet vil lokke fleire turistar til Noreg og brukar bilde av folk som står eller hoppar yttarst på fjellhyller. Preikestolen, Trolltunga og Flydalsjuvet er typiske motiv for spektakulære bilete. Også Destinasjon Geirangerfjord brukar bilde av ein person på kanten av Flydalsjuvet i si marknadsføring, sjølv om politiet har åtvara turistar om å ta seg forbi sperringane ved det berømte utkikspunktet.

– Det blir ein dobbelkommunikasjon i dette, innrømmer Ove Skylstad i Destinasjon Geirangerfjord. Han seier det ikkje er meininga at turistane skal gjere som på bildet.

Faksimile av Flydalsjuvet

FAKSIMILE: Slik reklamerer Destinasjon Geirangerfjord for det kjende utkikspunktet Flydalsjuvet.

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/DGT

Vil gjere som i reklamen

Men det er akkurat det som skjer.

Jorge Dalsbø var nyleg vitne til at to utanlandske turistar stod og hoppa på kanten av Flydalsjuvet, medan dei tok bilde av kvarandre. Han er sjokkert over korleis enkelte risikerer livet.

– Turistane vil ha dei same flotte bilda frå kjende landemerke som dei ser det blir reklamert for, seier Dalsbø. Han synest det er dumt at det skal vere slik.

LES OGSÅ:

Mindre vågal

Folk på flydalsjuvet geiranger

Jorge Dalsbø tok bilde av turistar som gjekk over sperringane og tok splitthopp på kanten av stupet på Flydalsjuvet.

Foto: Jorge Dalsbø/PRIVAT

Ove Skylstad meiner at debatten om bildebruk bør takast i heile reiselivs-Noreg og at ein bør spele ballen vidare til Innovasjon Norge og Fjord-Noreg.

Fjord-Noreg har allereie tatt diskusjonen, seier direktør Kristian Jørgensen.

– Vi brukar konsekvent bilde der ein står litt lenger inne og er noko meir tilbakehalden, seier Jørgensen. Han meiner utfordringa er alle selfiane som inspirerer til å gjere meir vågale ting.

Men på nettsidene til reiselivet ligg jo framleis slike bilde?

– Det stemmer. Vi oppmodar destinasjonsapparatet om å ta dei bort. Innovasjon Noreg og Fjord-Noreg har blitt samde om at den nasjonale og regionale plattforma konsekvent vel å bruke bilde som er noko meir restriktive, seier Jørgensen.

Han understrekar at dei ikkje er kjedelege og passive, men er ikkje dei mest vågale.

Umogleg å stoppe bilda

Kristian Jørgensen

Kristian Jørgensen i Fjord-Noreg seier at dei har tatt debatten og brukar no meir restriktive bilde.

Foto: PRIVAT

Ove Skylstad meiner det er vanskeleg å stoppe vågale bilde, på grunn av sosiale medium.

– Bilda vil alltid bli publisert. Folk vil ta bilde ute på stup og utan ein totalitær stat er det umogleg å ta det bort, seier Skylstad.

NRK har vore i kontakt med Møre og Romsdal politidistrikt, men dei vil ikkje uttale seg om reiselivet sin bruk av spektakulære bilde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL