Hopp til innhold

Spektakulær ekstremsportfilm med Sunnmørs-scener klar for verda

Stupbratte fjell og tronge fjordar er ei perfekt leikegrind for dei som likar å tøye grensene. Dei neste to vekene er det europaturne på ein ny ekstremsportfilm der sunnmørsfjella står i sentrum.

Dont crack under preassure

Både kamera, helikopter, ski, kite-boards og båtar var i sving under den spektakulære filminnspelinga på Sunnmøre

Foto: Håvard Myklebust

Karsten Gefle

Karsten Gefle er med på 8 ekstremsportfilmar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Jesse Richman

Jesse Richman fekk verkeleg oppleve den ustabile vinden i Hjørundfjorden.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Det går både fort og høgt. Og du får eit ekstra godt sug i magen berre ved å sjå dei heftige videoklippa frå sunnmørsfjella. Deltakarane i filmen står på ski ned dei brattaste fjellhenga du kan tenkje deg, dei padlar ned loddrette fossar, det gjeng føre seg til lands og til vanns og i lufta med.

Det er klart for sesong 2 i serien «Don't crack under pressure». Fjella, snøen og fjordane er klar for den store, vide verda.

– No skal filmen visast i ti byar på to veker. Det blir ein europaturne der vi startar i Paris på fredag, seier skikøyrar Karsten Gefle til NRK.

Filmen startar med 20 minutt skikøyring på Sunnmøre. I vår var det franske filmselskapet og ekstremsportutøvarar og gjorde opptak i Hjørundfjorden. Der fekk dei verkeleg oppleve kor ustabile vindane kan vere.

– Å køyre kite i Hjørundfjorden og føle korleis vinden tek det slik at du blir hengande i lufta i over 21,5 sekund, då sette eg nok ny verdsrekord for denne forma for kite-boarding. Det var temmeleg fantastisk, seier kite-boardar Jesse Richman.

Dei neste to vekene er det Europaturne på ein ny ekstremsportfilm der sunnmørsfjella står i sentrum. Stupbratte fjell og trange fjorder er ei perfekt leikegrind for dei som likar å tøye grensene

I tillegg til å vere med på skiscener i filmar som dette er Karsten Gefle med på å utvikle Sunnmøre som skidestinasjon.

Vi har berre sett starten av det som kjem til å skje med aktivitetsbasert reiseliv. Eg trur vi har mykje gøy i vente, seier Gefle.

Gefle har i løpet av dei siste åra vore med i åtte ekstremsportfilmar. Han trur det kjem til å bli laga fleire filmar frå dette området.

Rykta går om at det kjem til å skje. Så får vi sjå, smiler han lurt.

Dont crack under preassure

Her er teamet samla høgt til fjells i Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Foto: Håvard Myklebust

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL