Hopp til innhold

Sparetiltak rammar pasientane

Kvar helg blir døyande og alvorleg sjuke pasientar på kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Ålesund flytta mellom etasjane.

Ålesund sjukehus
Foto: NRK

Helse Sunnmøre har ikkje råd til å halde to sengepostar ved den kirurgiske avdelinga åpen. Difor blir alvorleg sjuke og døyande pasientar flytta mellom avdelingane når den eine sengeposten held helgestengt.

- Ufatteleg

Ruth Korsnes er nyoperert og pasient på kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Ålesund. Kvar fredag og måndag blir ho flytta mellom sengepostane i tredje og fjerde etasje.

- Eg grur meg heile dagen til flyttinga, for det er ufattelig slitsomt, seier ho. Ho har problem med å forstå at sjukehuset kan behandle alvorleg sjuke pasientar på ein slik måte. - Eg trudde at når du er alvorleg sjuk og blir innlagt på eit sjukehus så skal du få fred og ro og vere trygg. Eg føler meg ikkje trygg, seier Korsnes.

Visse fordelar

Avdelingsjukepleiar Inge Ødven seier at flytte-ordninga er ei løysing som avdelinga kom fram til då alternativet var å seie opp tre sjukepleiarstillingar. Han seier at ein av fordelane med løysinga er at bemanninga blir større i vekedagane.

- Men av og til kjenner vi litt på det etiske ved dette her, seier han.

Pengar spart

Avdelingsjef Berit Overøye seier at sjukehuset sitt budsjett må komme i balanse, og at stenginga av den eine sengeposten i helgene er nøye vurdert.

-Førebels er det slik at me har valgt dette tiltaket framfor å fjerne funksjonar frå sjukehuset, seier ho.

Sjukehuset sparer 2 millionar kroner på å halde den eine sengeposten helgestengt. - Det er ikkje mykje, men ilag med andre sparetiltak er dette viktige pengar å spare, men det kan ikkje skje for einkvar pris, fortsett Overøye.

Ei permanent løysing?

Overøye vil ikkje seie kor lenge pasientane vil bli flytta mellom avdelingane.- Vi ser oss ikkje i stand til å åpne begge sengepostane enno, men om det blir mange klager og omfattande klager så må me vurdere om det er betre å fjerne delar av tilbodet eller andre ting.

- Er denne løysinga fagleg forsvarleg?

- Så langt vi har vurdert det no så er dette fagleg forsvarleg. Men det er ikkje sikkert at den enkelte pasient opplever dette som hverken forsvarleg eller godt, avsluttar Overøye.