Samde om strategi
Sparebanken Møre byr alle aksjonærar i Romsdals Fellesbank ASA å kjøpe aksjane for 151 kroner, seks kroner meir enn tilbodet frå Sparebank 1 Midt-Norge.
Oppkjøpsforsøket frå trønderbanken har styret i Fellesbanken kalla uvenleg, medan Sparebanken Møre og Romsdals Fellesbank er samde om ein strategi. Olav Arne Fiskerstrand i Sparebanken Møre seier dei meiner det vil vere det beste for regionen å ha ein sterk, lokalstyrt bank.
Forundra
Marvin Wiseth
Kommunikasjonsdirektør i SpareBank 1 Midt-Norge, Marvin Wiseth, er svært forundra over det Fellesbanken no gjer.
– Dette representerer jo eit sterkt brot med den sjølvstendelinja som styret i Fellesbanken har stått veldig sterkt på. No blir det jo eit prisspørsmål kor kostbar sjølvstendelinja skal vere, seier Wiseth.
Gir seg ikkje
Wiseth meiner det er opplagt at det er utspelet deira fredag om å kreve ei ekstraordinær generalforsamling som har utløyst denne reaksjonen. Sparebank 1 Midt-Norge meiner dei har stor oppslutnad blant aksjonærane og aktar ikkje å sitje stille og sjå på det som no skjer. Banken skal ha styremøte i dag klokka 12.
– Så får vi sjå kva resultatet blir, Seier Wiseth.
Pressekonferanse kl 14
Sparebanken Møre og Fellesbanken har innkalla til ein felles pressekonferanse i Molde klokka 14. Ingen i Romsdals Fellesbank ønskjer å kommentere saka før då.