Kommunikasjonsdirektør Marvin Wiseth vil førebels ikkje seie noko om kor mange som har sagt ja til tilbodet. Han seier dei vurderer fortløpande om dette skal vere det endelege tilbodet frå banken.
– Ikkje nytt tilbod i dag
Sparebanken Møre auka i formiddag sitt tilbod til 161 kroner. Dei står fast på sitt tilbod og avventar no kor mange som har takka ja til tilbodet frå Trondheim før dei eventuelt kjem med eit nytt bod på banken.
Sparebanken Møre vil ikkje kome noko nytt tilbod i dag, seier administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand.