Hopp til innhold

Spår sterk auke i overvakingssaker

Datatilsynet meiner vi vil sjå ei sterk auke i rettssaker som omhandlar overvaking med elektronisk utstyr.

Overvåkingskamera
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Ein mann frå Nordmøre er dømt i tingretten for ulovleg overvaking, etter at han hang opp eit webkamera på husveggen.

51-åringen filma på offentlig stad utan å opplyse om det, og er no dømd etter personopplysningsloven til å betale 7000 kroner.

Informasjonsdirektør i Datatilsynet, Ove Skåra meiner dette er saker vi vil sjå fleire av i framtida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no