Hopp til innhold

Spår opptur i oljenæringa

Kristiansundsordføraren skuldar sentrale politikarar for å vere for negative til oljenæringa. – Han som skal stoppe oljekrana i Nordsjøen er ennå ikkje fødd, trur ordføraren.

Statsrådbesøk

Tysdag besøkte to statsråd Kristiansund, Monica Mæland og Anniken Hauglie, for å snakke om den alvorlege situasjonen regionen står ovanfor på bakgrunn av nedgangen i oljenæringa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sidan 2013 har over 15 000 jobbar i oljebransjen forsvunne. Oljeproduksjonen på norsk sokkel er redusert i tillegg til at kostnadane har auka kraftig. I Kristiansund har oljenæringa spelt ei viktig rolle, men regionen har hamna i ein alvorleg situasjon etter olja sin nedtur. No skuldar politikarar og næringsfolk frå Nordmøre sentrale personar for å vere for negative til oljenæringa, og gir klar beskjed om at negativt snakk er det siste dei treng no.

Kjell Neergaard

PROVOSERT: Ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard er provosert over nedsnakket om oljenæringa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg vert provosert. Olje skal vi leve av i mange år framover og han som skal stoppe krana i Nordsjøen er ennå ikkje fødd, seier ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard.

Spår olje-opptur om to-tre år

Ordføraren oppmodar unge om å starte på ei utdanning innan næringa og han spår ein opptur for olja i løpet av dei neste tre åra.

– Vi treng framleis folk som utdannar seg innan oljesektoren. Når sentrale personar snakkar næringa ned, så spreier dette seg til foreldre, skulerådgjevarar og barn som til slutt vil velje andre utdanningar, meiner Neergaard.

Må behalde kompetansen

Sjølv om dei fleste erkjenner at ei omstilling må til, er Nordmøre framleis så avhengige av olje og gass at dei misliker sterkt at sentrale politikarar ikkje gir denne næringa ei framtid.

– Vi må skaffe oss fleire bein å stå på, men også sørgje for at vi beheld kompetansen og rekrutterer flinke ungdom til bransjen. Noreg skal leve lenge av olje og gass og mange vil halde fram med å jobbe innan denne næringa, seier næringsminister, Monica Mæland.

Hauglie Mæland

Næringsminister Monica Mæland er oppteken av å behalde kompetansen i oljebransjen og å rekruttere nye unge. Arbeids- og sosialminister, Anniken Hauglie ser etter nye innspel.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ynskjer nye innspel

Tysdag besøkte to statsråd Kristiansund for å snakke med dei lokale politikarane og næringslivet om situasjonen regionen er i.

– Det er nett på grunn av situasjonen som er her i fylket at vi ynskjer å kome hit og besøke næringslivet, snakke med NAV og med dei som opplev nedgangen på kroppen for å få konkrete innspel, seier arbeids- og sosialminister, Anniken Hauglie.

aDYSS

Eit selskap som har funne fleire bein å stå på er serviceselskapet, Abyss i Kristiansund. Dei leverer tenester over og under vatn til ei framtidsretta og havbruksnæring.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL