I Vesle Gjerdsvika i Sande som vender ut mot Stadhavet har han bygt opp bedrifta som har spesialisert seg på å lage lufteventilar til skip. Sjølv er han overtydd om at han lagar dei aller beste ventilane på verdsmarknaden.
– Dei fungerer akkurat slik som munnen din når du badar. Du let att munnen når du kjem i kontakt med vatnet. Og du opnar han når du er oppe og vil ha inn luft, seier han.
Kunnskapen om å lage lufteventilar til båtar som får havet skyllt inn på dekk er bygd opp gjennom 45 år med erfaring, no har han ikkje tenkt å snu om det er uvêr i den maritime bransjen.
Mange avtaler blir gjort denne veka på den norske paviljongen til Nor-Shipping
Foto: Jannicke Farstad / NRK– Vi i den maritime klynga på Møre er så opptatt av å lage ikkje dei billigaste, men dei aller beste produkta i verda vil skape ein ny opptur, seier han sjølvsikkert
- Les også:
- Les også:
– Lidenskapen vil drive oss framover
Ei lita tåre renner nedover kinnet når han snakkar om bransjen, det handlar om lidenskap for det ein driver med. -Det har vi her, seier han
– Eg sa det i 2008, at dette blir ein utruleg flott opptur. Den har vi opplevd, og neste gong blir det enda betre.
– Det er bygd for lite anna type spesialtonasje. Vi har bygd offshore- fartøy i store mengder, men det har nesten ikkje blitt bygd andre typar båtar. Kunnskapen vår er like aktuell om vi skal byggje andre type båtar enn det vi har gjort før seier han. Det tek kanskje nokre år, men vi skal vere klare når det skjer, seier han med eit stort smil.
Les også:
– No det er viktig å satse
Ei rekkje bedrifter i den maritime næringa har redusert bemanninga og produksjonen sin dei siste månadene. Låg oljepris har skapt mørke skyer over bransjen. Men John Gjerde meiner det er viktig å satse akkurat i ei slik tid.
Det å delta på messa Nor-Shipping på Lillestrøm er eitt av fleire teikn på ei slik satsing. Trass i oppseiingane og permitteringane er det få som har spart pengar på å ikkje reise til Nor-Shipping messa på Lillestrom. Bedrifta John Gjerde har ein stand på den Norske paviljongen, det angrar han ikkje på.
– Eg trur vi var mange som var veldig spente i forkant, og frykta at dette ville bli dårleg og at mange ikkje ville dukke opp. Men eg er svært positivt overraska. Her har vore full fart så langt, og det er ikkje tvil i at det er stor interesse ute i verda for kva vi held på med i Noreg.