Inge K. Hansen (Foto: Aker Kværner)
Treng delleveransar
Hansen viser til at Aker Kværner har fått tre kontraktar på Ormen Lange, og seier utviklinga i Norskehavet er svært viktig.
Kontraktane betyr moglegheiter, fordi Aker Kværner ikkje skal gjere alt sjølv, men treng delleveransar frå ei rekkje leverandørar for å kunne gjennomføre prosjekta, seier Hansen.
Ormen Lange er no det viktigaste prosjektet for Aker Kværner, og dei ser etter kompetanse og teknologi når dei vel samarbeidspartnerar.
Store uutnytta ressursar
Norsk sokkel har dessutan store uutnytta ressursar. Prosjektdirektør i BP, John Pickard, sa på Desemberkonferansen i Kristiansund i dag at ei rørleidning til land i Noreg er for lite og ønskte seg fleire. Han samanlikna Norskehavet langt på veg med den meksikanske gulfen og meinte at ti leitebrønnar her er alt for lite.
Satsar på Møre og Romsdal
Dette samsvarer med Aker Kværner sitt syn, seier konsernsjef i Aker Kværner, Inge K. Hansen. Han seier at Møre og Romsdal og Midt-Noreg er eit viktig område for dei i si vidare satsing på å halde ein sterk posisjon på norsk sokkel i åra framover.