NRK Meny
Normal

Spanjol vann framfor heimefavoritt

Ulsteinrittet på sykkel vart avvikla under strålande forhold på Ytre Søre Sunnmøre i dag. Start og Mål var ved ungdomsskulen i Ulsteinvik. Spanjolen Xabier Zabalo spurtslo heimefavoritten Martin Notøy Nevstad.

Siste bratte bakken på Ulsteinrittet før målgang.

Ulsteinrittet, Martin Notøy Nevstad og Xabier Zabalo. Her er ulsteinvikaren i blått hakket foran midt i den bratte Skulebakken, rett etter dette går spanjolen forbi og vinn rittet så vidt det er. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Den lengste løypa gjekk blant anna opp Leikongbakkane i Herøy og var den tøffaste biten på løypa- i tillegg til avslutninga opp den bratte Skulebakken i Ulsteinvik sentrum.

Og det var akkurat opp denne bakken at spanjolen slo til midtvegs. Notøy Nevstad, som representerer T.V.K Sykkel (Trondheim, måtte kjempe mot fire syklistar frå Ålesund og Omegn CK siste halvdel av rittet.Zabalo representerer også Ålesund og haddehjelp frå tre klubbkameratar på å tøme ulsteinvikaren Notøy Nevstad for krefter inn mot sluttspurten.

Ulsteinrittet

I starten av rittet. I dette feltet er Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik fremst.

Foto: Arne Flatin / NRK

God vinnartid

Vinnaren fekk tida 1:42:32,42. Dette er forsåvidt ny løyperekord, men ettersom traseen er noko endra sidan fjoråret er det ikkje reelt å samanlikne. Arrangøren var uansett kjempeheldig med verforholda. Rundt 18-20 grader og sol er perfekte forhold for sykkel i mai.

Ulsteinrittet

Så langt NRK kunne sjå var det ikkje mange velt i løpet av rittet. Her er det ein som har fått problem med sykkelen på toppen av Leikongbakkane. I følgje arrangøren var det to syklistar som måtte til legevakta etter velt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Godt fornøgd

Aud Janne Hatlebakk

Leiar for sekretariatet under Ulsteinrittet, Aud Janne Hatlebakk.

Foto: Arne Flatin / NRK
Publikum på Ulsteinrittet

Desse gav heimefavoritten Martin støtte opp Leikongbakkane, og på dette tidspunktet låg Notøy Nevstad i tet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Leiar for sekretariatet under Ulsteinrittet, Aud Janne Hatlebakk, seier det har vore kjekt. Dei har fått gode tilbakemeldingar frå fleire. Til saman var det 180 påmelde, men 11 henta ikkje startbrikkene sine, slik at det var 169 som faktisk deltok.

Dette er mellom dei største ritta i Møre og Romsdal, men Hatlebakk seier dei har kapasitet til å ta i mot endå fleire. Uansett var dette deltakarrekord.

Bortsett frå nokre velt og eit par som måtte til legevakta var det ingen store uhell i rittet. Dette er den sjette gongen sykkelklubben i Ulstein arrangerer rittet og det under strålande forhold.

Resultat:

Menn 20-29 år:

1) Xabier Zabalo, Ålesund, 1:42:32,42

2) Martin Notøy Nevstad, TVK Sykkel, 1:42:35,55

3) Mikael Hoem Brunsvik, Ålesund, 1:42:55,51

Menn 40-49 år:

1) Karl Erik Kravik, Ålesund 1:42:52,54

2) Joachim Olsvik, Ålesund 1:42:56,35

Dette var dei i herreklassa som kom under 1 time og 43 minutt.

Kvinner 20-29 år:

1) Tiril Hole Mohr, Stavanger, 1:58:55,80

Kvinner 40-49 år:

1) Anne-Beate Lid Hole, Stavanger 1:58:52,00

Publikum på Ulsteinrittet

Ikkje så mykje publikum ute i løypa, men her på vegen opp Leikongbakkane var i alle fall denne familien på plass.

Foto: Arne Flatin / NRK