Hopp til innhold

Spanderer munngodt på Kronprinsen

Elevar med sans for den gode smaken og for nyskaping, gler seg til Kronprins Haakon kjem til Stranda i dag. Dei har serveringsbretta klare.

Elevar Stranda vgs

Elevane med entreprenørskap som ein del av den vidaregåande utdanninga på Stranda gler seg til møtet med Kronprinsen i dag. Nyskaping på matfronten skjer i samarbeid med elevar frå Resturant- og matfag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Når unge får bruke kreativiteten saman med smaksløkane, kan magiske saker oppstå. Hjortekjøt, rotgrønsaker og glutenfri bakst, knødd godt saman med kunnskap om å danne bedrift og styre det heile, skal presenterast for sjølvaste Kronprinsen i dag. Og det er på Stranda det skjer.

– Vi gler oss! Det skal bli spanande å møte han, seier elevane ved den vidaregåande skulen.

Elevar Stranda vgs

Snacks-bedrifta ved fire av dei; Odin Dyrkorn, Astrid Tryggestad Fjørstad, Kristine Hanssen og Johanne Tryggestad.

Der driv dei tre Ungdomsbedrifter frå klasseromma ved skulen, og alt er sjølvsagt knytt til mat.

Viktige medspelarar er elevane ved Resturant- og matfag- lina. Denne lina har markert seg sterkt i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal og er ein sjølvsagd del av ungdomsbedriftene som har mat på agendaen.

Næringslivet i kommunen Kronprinsen besøker i dag har spesialisert seg på produksjon av næringsmiddel og dekkjer det meste; frå spekemat, pizza og laks til eplesaft og lefse.

Sunn Snacks UB

Også snacks på ny måte skal Kronprinsen teste på Stranda. Dette er rotgrønsaker som er tørka til chips i steikomn.

Foto: Stranda v.g.s

Spente på reaksjonen

Kronprins Haakon startar besøket på Stranda i føremiddag. Han skal innom både skisenteret på Strandafjellet og på ein skitur i anlegget.

Etter det skal han til Svemorka der Orkla driv landets største pizzaproduksjon. Etter omvising og presentasjon av alt som skjer der, drar han rett til Kulturhuset i sentrum der han skal vere med på ei lokal Yrkesmesse for elevar frå 9. og 10. klasse og 1.-klassingane ved Stranda vidaregåande skule.

Elevar Stranda vgs

Dei fire elevane som serverer Pulled Hjort til Kronprinsen i dag. Fv. Henrik Gjerde, Isabel Rosenvinge, Veronica Øksvang og Cecilia Klock.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Og det er altså på yrkesmessa som Kronprinsen skal opne, at elevane frå den vidaregåande skulen kjem inn i biletet.

– Vi er no spente på om han vil like det vi har laga, og uansett blir det kjekt, og han skal få med seg smaksprøver heim, lovar Cicilia Klock og dei tre andre medelevane i Ungdomsbedrifta Kafémat UB.

Pulled Hjort

Pulled Hjort er noko av det Kronprinsen skal smake på Stranda i dag.

Foto: Stranda v.g.s

Spesialiteten deira er Pulled Hjort – langtidssteikt, mørt hjortekjøt i strimlar – servert i burgerbrød.

– Det er skikkeleg lokal, kortreist mat, slår Henrik Gjerde fast.

Snacks og brød

Ei kulinarisk oppleving av dei sjeldne blir det på yrkesmessa. Ikkje berre hjortekjøt med Stranda-vri, men også ekstra sunn chips kan elevane by på.

Elevar Stranda vgs

Desse fire er spesialistar på bedrift som driv med brødbaking. Bak f.v. Charlie Cousens og Torstein Vangen, Katrine Mykløen Ødegård og Amalie Flo

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi har utvikla chips laga av rotgrønsaker. Cluet med det heile er at det blir steikt i steikeomnen og ikkje i olje. Dermed blir det sunt som berre det, seier elvane bak bedrifta Sunn Snacks UB.

Smaksprøver på Kronprinsen blir det også frå Brød-rett- heim UB, som har blitt landskjende gjennom det smakfulle, grove glutenfrie brødet sitt. Tre typar slike brød og like mange typar med gluten er utvikla ved skulen.

Glutenfritt brød frå Stranda v.gs

Dei dyktige elevane ved den vidaregåande skulen har hatt stor suksess med glutenfritt brød som er å få kjøpt over heile landet.

Foto: Stranda v.g.s

– Brøda blir selde i butikkar over heile landet, og har blitt ein stor suksess, kan bedriftsleiarane i klasserommet fortelje.

Interessert i nyskaping

Lærar Ole Bjørn Hjellegjerde er også spent på møtet med Kronprinsen.

Ole Bjørn Hjellegjerde

Ein stolt lærar Ole Bjørn Hjellegjerde møter Kronprinsen saman med elevane i ettermiddag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi veit jo at han er opptatt av nyskaping og entreprenørskap, Det skal blir kjekt å få vise han kva vi driv med her på skulen og i bygda elles. Og håpet er sjølvsagt at han vil like både maten han får servert av elevane, og at han vil setje pris på presentasjonen av ungdomsbedriftene våre, seier Hjellegjerde.

Kronprinsen blir møtt av ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad når følgjet kjem kl. 10:45 i føremiddag. Ei eiga prosjektgruppe er sett ned for å guide Kronprinsen gjennom dagens program.

Kronprins Haakon

Kronprins Haakon får testa kva strandarane får til i matvegen når han i dag besøker bygda.

Foto: Ole-André Lagmandokk

Det er vel neppe tvil om at Kronprinsen får med seg nistemat på turen heim att til Skaugum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL