NRK Meny
Normal

Spådame dømt for trygdesvindel

Ei uføretrygda spådame frå Sunnmøre er i tingretten dømt til fengsel i eitt år og tre månader. Ho opplyste ikkje om at ho tente pengar på å spå folk og må betale tilbake 1,2 millionar kroner til NAV.

Kvinna i 60-åra er ein del av ei spåteneste i ein annan del av landet. Det var etter at Skatt Sør ba om ransaking av teletorgselskapet og fire aksjonærar vart dømt for blant anna brot på likningslova, at dei kom på sporet av spådama frå Sunnmøre.

Fekk uførepensjon

Kvinna var i ein periode 100 prosent uføretrygda, og skal ha latt vere å opplyse til NAV at ho hadde inntekt frå spåtenester, til trass for at ho tok imot uførepensjon. Spåkona har erkjent at ho urettmessig fekk utbetalt 1, 2 millionar kroner frå NAV.

Ifylgje dommen forklarte kvinna at det gjekk lang tid før ho forstod at det var gale. Ho forklarte også at pengane gjekk til å hjelpe sonen, som hadde store problem.

Retten finn det bevist utover rimeleg tvil at tiltalte var klar over at ho ikkje hadde krav på uførepensjon, fordi ho hadde ei årleg inntekt som oversteig grunnbeløpet. Kvinna fekk fleire brev frå NAV om at ho måtte melde frå dersom ho fekk større arbeidsinntekt enn summen ho kunne tene.

– Følte seg trua

Kvinna sa i retten at ho følte seg trua til å spå, men det trudde ikkje retten på.

Kvinna har heller ikkje betalt skatt for det ho tente som spådame. I retten forklarte ho at ho hadde lite skulegang og ikkje hadde lært korleis ho skulle fylle ut sjølvmeldinga. Kvinna trudde at inntektene var oppført på den ferdig utfylte sjølvmeldinga.

Retten la noko vekt på at kvinna har store helseproblem og meinte at ei straff på eitt år og tre månader, for grovt trygdebedrageri og åtte brot av likningslova, er passande.

Kvinna vart også dømt til å betale tilbake 1,2 millionar kroner til NAV.