Hopp til innhold

Sp-veteran trua med å stemme SV – fekk Vedum til å tenkje seg om

Då Senterpartiet ikkje ville forplikte seg til å gi bøndene betre lønn dei neste fire åra fekk partiveteranen nok. Han trua med å stemme SV. Det har fått Vedum til å tenkje seg om.

Tidligere ordfører i Norddal kommune, Arne Sandnes (Sp)

FRÅ SP TIL SV: Mangeåring Senterpartiordførar Arne Sandnes på Sunnmøre har trua med å stemme SV.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Tanken på å stemme noko anna enn Senterpartiet har ikkje streifa den mangeårige ordføraren på Sunnmøre. Han har brukt 18 år av livet på å svinge klubba i det som var Norddal kommune. Og i endå fleire år har han kjempa Senterpartiet si sak.

Jordbruk og fruktdyrking er dei viktigaste næringane i bygdene på indre Sunnmøre, i tillegg til turisme.

No er Sandnes pensjonist, men det politiske engasjementet renn framleis i årane. No rettar han skytset mot partileiinga, med Trygve Slagsvold Vedum i spissen.

– Alt starta 16. juni i år. I stortingsdebatten om jordbruksoppgjeret var ikkje Senterpartiet villige til å tidfeste når inntektsgapet mot andre yrkesgrupper skulle bli lukka, seier Sandnes.

Det vil seie at bøndene skal få same inntektsutvikling som andre grupper i samfunnet.

– Sp-leiinga har ikkje forstått krisa

Andre opposisjonsparti med SV i spissen har vore tydlege på at dei vil gjere lønnsforskjellane mellom bønder og andre yrkesgrupper mindre i løpet av den komande stortingsperioden. Det vil seie dei neste fire åra.

– Eg kan ikkje tolke Sp si uklare og lite forpliktande haldning enn anna enn mangel på kriseforståing for den situasjon den norske bonden og landbruksnæringa er i, seier han.

Sandnes seier han ikkje har vore åleine om å leike med tanken på å stemme SV.

Fleire eg kjenner gjer det. SV er på kollisjonskurs med mitt parti i mange saker, men det som tel no, er å få snudd skuta før ho forliser. SV er eitt av tre parti som vil tette inntektsgapet i komande stortingsperiode, seier Sandnes.

Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum.

MANGLAR KRISEFORSTÅING: Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum manglar kriseforståing for den situasjonen den norske bonden står i meiner Sp-veteran Arne Sandnes

Foto: Wilhelm Sverdvik

Vedum vil rydde opp

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er ikkje komfortabel med at det murrar i eigne rekkjer når det kjem til spørsmålet om partiet er eit parti for norske bønder. Han vil no rydde all tvil av vegen.

Senterpartileder Trygve Slagsvold Vedum.

VIL VERE TYDLEG: Bøndene må få betre inntekt, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi ønskjer eit inntektsløft for matprodusentane. Det er eg krystallklar på.

Så i løpet av dei neste fire åra så skal det bli lønsamt å drive jordbruk over heile landet?

– Ja, vi skal ha ordningar som sikrar at bønder får ei inntekt som er på lik line med andre grupper. Vi må få inn inntektsløftet inn i ei eventuell regjeringserklæring, fordi det er så viktig for eit land å ha matproduksjon, seier Vedum.

Rammar små gardsbruk mest

Sp-veteranen Arne Sandnes er særleg opptatt av dei små gardsbruka i Noreg.

Han viser til at kvar einaste dag blir vert 2–3 gardsbruk avvikla. Han er overtydd om at årsaka er dårleg løn og lange arbeidsdagar utan fritid.

Sandnes meiner det vil vere på sin plass å få inntektsauke for bøndene inn som eit klart krav i ei regjeringsforhandling. Han får støtte frå Vedum også i denne saka.

– Vi må få inn inntektsløft for bøndene i ein eventuell regjeringserklæring. Det skal vere lønsamt å vere matprodusent i fjordane på vestlandet, i Nord-Noreg og i Gudbrandsdalen. Det er viktig for norsk matberedskap, seier Vedum.