Hopp til innhold

Sp til val på å behalde sjukehuset i Kristiansund

Senterpartiet vil ikkje støtte fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Partiet går til val på å byggje nytt sjukehus i Molde og samstundes behalde sjukehuset i Kristiansund.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe er helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er avisa Tidens Krav som melder dette måndag kveld.

Kjersti Toppe presiserer overfor NRK Møre og Romsdal at Senterpartiet ikkje har gjort noko vedtak i saka. Likevel er ho som helsepolitisk talskvinne tydeleg på at Kristiansund skal få behalde lokalsjukehuset og at det skal byggjast nytt i Molde.

– Det er mitt syn at det er behov for nytt sjukehus i Molde. Men føresetnadene for det nye sjukehuset på Hjelset er brotne. No blir det planlagt som eit «clustersjukehus» med så få senger og så høg beleggsprosent at det bryt med alle kjende internasjonale og nasjonale krav til forsvarlegheit. Ein får eit belegg på over 90 prosent. Då veit vi at faren for pasientskadar og dødsfall er høg. Eg meiner dette er uakseptabelt, seier Kjersti Toppe til NRK.

Sjukehusstriden blir valkampsak

Dermed gjer Senterpartiet sjukehusstriden på Nordmøre og i Romsdal til eit heitt tema i den komande valkampen framfor Stortingsvalet. På meiningsmålingane har Senterpartiet gjort det svært sterkt dei siste månadene, særleg på Nordmøre. Senterpartiet er inne på Stortinget med éin representant frå Møre og Romsdal, Jenny Klinge. Meiningsmålingane tyder på at partiet, med ein sterk innsats, kan ha ein viss sjanse på to representantar frå Møre og Romsdal.

– Fullverdig lokalsjukehus i Kristiansund

Det var søndag kveld at fjerdekandidat på lista, Henrik Stensønes frå Kristiansund, offentleggjorde ein e-post frå helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe. Ifølgje Tidens Krav er den profilerte helsepolitikaren i Senterpartiet tydeleg på kvar dei står i sjukehusstriden.

– Senterpartiet støttar ikkje fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og meiner dette er ein feilslått sjukehuspolitikk. Vi meiner det riktige hadde vore å byggje eit nytt sjukehus i Molde og halde fram med eit fullverdig lokalsjukehus i Kristiansund, skriv Toppe ifølgje Tidens Krav.

Kristiansund Sjukehus

Ifølgje planane til Helse Møre og Romsdal skal det bli distriktsmedisinsk senter i Kristiansund når det nye fellessjukehuset blir etablert på Hjelset i Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Omkamp

Fjerdekandidat på Senterparti-lista, Henrik Stensønes, stadfester overfor Tidens Krav at dette inneber at Senterpartiet går til val på at det framleis skal vere eit lokalsjukehus i Kristiansund.

– Samstundes er vi opptekne av at Molde og Romsdal skal få eit nytt sjukehus. Men sjukehuset i Kristiansund skal bestå, seier Stensønes til Tidens Krav.

Kjersti Toppe avviser at Senterpartiet er seint ute i saka. Ho legg vekt på det ho kallar nye opplysningar om sengetal og beleggsprosent.

– Det er no i det siste det har kome fram at sengetalet er kutta og at dei planlegg eit mykje høgare belegg. Det er dette som har gjort at eg meiner vi må sjå på saka på nytt, om det ikkje er betre å byggje nytt i Molde og å ruste opp i Kristiansund. Dette er ikkje noko som vi plutseleg har kome på no. Det har heller aldri vore Senterpartiet sin politikk å fusjonere lokalsjukehus, seier Toppe.

– Utviklinga tilseier framleis sjukehus i Kristiansund

Kjersti Toppe avviser også at utviklinga går i retning av å slå saman sjukehus. Ho viser til fleire eksempel på at det blir lagt vekt på å oppretthalde lokalsjukehus.

– Utviklinga i sjukehuspolitikken i Noreg går i motsett lei. Det er meir fokus på beredskap og meir fokus på nærleik til tenestene. Vi har hatt vedtak om å oppretthalde kirurgisk beredskap i Odda. I Oslo er Aker sjukehus gjenopna som lokalsjukehus. Erfaringa er at nye sjukehus blir bygde for små slik at dei er fulle før dei opnar, seier Toppe.

– Må stille krav

Toppe innser at det kan vere ei innvending at ei ny behandling kan utsetje heile utviklinga av sjukehustilbodet på Nordmøre og i Romsdal.

Vi har bøygd oss for vedtaket som var. Men no må vi setje krav til det nye sjukehuset. Og viss krava ikkje vert oppfylte er det eit reelt alternativ å utvikle dei sjukehusa ein alt har. Ein skal ikkje godta eit nytt sjukehus som ikkje oppfyller kvalitetskrava i høve det som Senterpartiet meiner må vere standarden, seier Toppe.