Hopp til innhold

Sp krev stortingsbehandling

Senterpartiet krev at Stortinget må behandle grensejusteringar mellom kommunar som det er usemje om lokalt. Representantforslaget blir fremja i Stortinget i dag og behandla til hausten.

Slik situasjonen er nå kan regjeringa avgjere grensejusteringa som flyttar inntil 25 prosent av innbyggjarane frå ein kommune til ein annan. I Gjemnes har fylkesmannen tilrådd at kring 25 prosent av kommunen kan bli flytta til Molde. Fire andre grensetvistar i Møre og Romsdal skal og behandlast av kommunaldepartementet.