Hopp til innhold

Sp gjorde reint bord for fire år sidan – no utfordrar Ap makta

Arbeidarpartiet utfordrar ordførarmakta i senterparti-bastionen Rindal.

Line Therese Flåtten Ap i Rindal

Line Therese Flåtten (Ap) er ordførarkandidat i Rindal i valet til hausten. Ho meiner det er tid for at Sp troppar av.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vallogo

For fire år sidan gjorde Senterpartiet reint bord i Rindal med 58,9 prosent. Men i fjor gjekk kommunen med underskot, det er innført eigedomsskatt og Øvre Rindal skule blir lagd ned.

Mads Løfaldli frå Øvre Rindal mislikar at skulen deira forsvinn.

Mads Løfaldli

Mads Løfaldli frå Rindal er ikkje nøgd med at Sp-makta har lagt ned ein grendeskule.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Kommunen brukar for mykje pengar, og no når dei er pengelaus legg dei ned ein skule. Det syns eg er dumt, seier Løfaldli.

Vil ha politisk skifte

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Line Therese Flåtten meiner det er behov for eit politisk skifte.

– Eg trur vi vil gjere ein minst like god jobb som dei som sit der no. På lista vår har vi fleire kvinner og fleire unge. Vi har kanskje fleire som er uerfarne, men det er ikkje nødvendigvis ei ulempe, seier Flåtten.

Ho seier det er nødvendig å tenke nytt etter at kommunen har kome skeivt ut økonomisk. Dei siste 40 åra er det berre ein gang at Sp ikkje har hatt ordføraren. Det var i 2007 da Ap trakk det lengste strået. No er det mogeleg igjen, trur ordførarkandidat Flåtten.

– Vi må få inn ei sunn økonomisk styring.

Kritisert for pengebruk

Det er pengebruken Senterparti-fleirtalet blir kritisert for, men det er ein kritikk ordføraren tar kraftig til motmæle mot.

Ola T. Heggem i Senterpartiet, ordfører i Rindal

Noverande ordførar i Rindal, Ola T. Heggem, håper at folk har forståing for kommunen sin økonomiske situasjon.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han meiner det politiske fleirtalet i Rindal har vist handlekraft dei siste fire åra. Men Ola T. Heggem er fullt klar over kva for saker som møter han når valkampen startar.

– Det er ikkje gunstig for eit Senterparti-fleirtal å legge ned ein grendeskule i valåret, og heller ikkje gunstig å levere dårlege økonomiske resultat. Men eg håper at folk skjønner bakgrunnen for underskotet, seier ordføraren.

Han forklarer at Rindal vil nok hamne på minussida i 2015 også. Men han trur dei vil vere tilbake i pluss året etter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL